Milliardoppdrag til Ågotnes

Nyheten om at Statoil har tildelt ein milliardkontrakt til subseamiljøet på Ågotnes hausta spontant applaus i kommunestyret i Fjell.

Statoil har i dag tildelt ein kontrakt på meir enn 8 milliardar kroner til Aker Solutions, Technip FMC og One Subsea. Mesteparten av arbeidet vil verta utført på Ågotnes.

CCB på Ågotnes er tidlegare utpeika som Statoil sin base for vedlikehald av subseainstallasjonar på norsk sokkel.

Den femårige rammekontrakten vil i tillegg ha opsjonar for forlenging med inntil 20 år. Samla verdi kan koma til å utgjera så mykje som 40 milliardar kroner dersom alle opsjonane vert nytta, skriv Statoil i ei pressemelding.

Kontrakten vil omfatta levering og vedlikehald av utstyr på Statoil sine meir enn 500 havbotnsbrønnar på norsk sokkel.

Statoil har tidlegare peika ut CCB på Ågotnes som utgangpunkt for vedlikehald av subseainstallasjonar. No får subsea-miljøet på Ågotnes full uttelinga for mange års arbeid.

Applaus i kommunestyret
Då ordførar Marianne Sandahl Bjorøy kunngjorde milliardkontrakten under opninga av kommuestyret i Fjell, vekte nyheten spontant applaus hos dei folkevalde.

Les: CCB styrkar satsinga på subsea

-Rammekontrakten er viktig for å sikra eit bærekraftig kostnadsnivå og langsiktig produksjon, melder Statoil.

Avtalen vil omfatta arbeid både on- og offshore. I tillegg til Ågotnes, vil mykje av arbeidet verta utført med utgangspunkt i Polarbase i Hammerfest.

Du kan lesa Statoil si pressemelding her

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s