Fryktar for framtida til norsk kamskjellproduksjon

Scalpro AS og Hotate AS har planar om kommersiell produksjon av konsumklare kamskjel på Rong. No fryktar dagleg leiar Thorolf Magnesen at årleg produksjon til ein marknadsverdi på 200 – 300 millionar kroner i staden må skje i utlandet.

Norsk kamskjelproduksjon har kome i skuggen av lakseoppdrett når det gjeld tildeling av offentlege forskingsmidlar, fryktar dagleg leiar Thorolf Magnesen i Scalpro AS.

Kamskjel er ei eksklusiv matvare den internasjonale marknaden ikkje kan få nok av. På Fisketorget i Bergen går levande skjel unna for oppimot 70 kroner stykket.

Yngelproduksjon
Den norske konsummarknaden er dominert av ville kamskjel. Scalpro AS og dagleg leiar Thorolf Magnesen er ei av få verksemder i Norge som satsar på kommersiell produksjon.

Etter mange års forsking og utviklingsarbeid har dei løyst utfordringa med korleis klekka levedyktig yngel frå stamskjel i stor skala. Kring 10 millionar kamskjelyngel vert no drivne fram i eit kontrollert miljø i dei store kara i klekkeriet på kaien i Svartevika årleg, seier Magnesen til nettavisa Tunnelsyn.no.

Mangedobla inntekta
Yngelen har til no blitt seld til Storbritannia, for dyrking hos kommersielle produsentar der.

– Pengane ligg i kommersiell kamskjelproduksjon, ikkje i yngel, slår Magnesen fast.

I Scalpro, og samarbeidspartnarane Hotate AS og Scalmarin AS, ønskjer dei å kontrollera alle stadier i produksjonen. Medan yngelproduksjonen gav Scalpro ei inntekt på 5,7 millionar i 2016, vil produksjon av konsumklare kamskjel kunna innebera ein marknadspris på så mykje som 300 – 400 millionar kroner årleg, stipulerer Magnesen.

– Kommersiell dyrking vil kunna auka tilgangen på kamskjel i marknaden. Det vil også innebera ein meir jamn tilgang gjennom året, seier Magnesen.

Kroken på døra?
I Forskingsrådet er det kamp om midlane. Hotate og Scalpro står ikkje på lista over dei som er tildelt midlar gjennom Havbruk2-programmet for innovasjonsprosjekt i næringslivet i siste søknadsrunden.

På kaien i Svartevika står ein opprørt Thorolf Magnesen og held på å mista motet:
– Dette kan verta kroken på døra for norsk kamskjelproduksjon, fryktar han.
Kamskjelprodusenten fryktar søknaden deira har kome i skuggen av støtta til lakseoppdrett.

– Den norske regjeringa har store planar om å auka produksjonen av sjømat. Kamskjel er den arten, etter laks og aure, som er nærast kommersialisering. Arten har potensiale for mangedobling av produksjonen. Å stoppa pengestøtta no, vert som å stoppa forskingsstøtta til lakseoppdrett etter smoltstadiet, hevdar Magnesen.

Sender inntekta til Storbritannia
Utan norsk forskingsstøtte til å kommersialisera den norske produksjonen av konsumklare kamskjel, vil yngelen som vert klekka på Rong framleis verta seld til Storbritannia.

I Storbritannia er dei bekymra for kystfiskarane, noko som har resultert i at dei mellom anna brukar pengar til å stimulera kamskjelproduksjon i Sør-England, ifølgje Magnesen.

Med den norske prioriteringa av dei offentlege verkemidlane innan sjømat kan det no i staden verta britiske produsentar som får tena stort på den internasjonale marknaden sin betalingsvilje for denne sjømatdelikatessa.

Treng meir kunnskap
Scalpro har tidlegare fått midlar frå Regionalt Forskingsfond Vestlandet til eit forprosjekt for korleis kommersialiseringa kan skje. Gjennomføringa av planen avhang av støtte frå Norges Forskingsråd på 10 millionar, noko som ville utløyst eit tilsvarande beløp frå private investorar, seier Magnesen.

Fem år
Å dyrka fram eit kamskjel på 10 centimeter og som er klart for konsum tek 4 – 5 år. Vellukka kommersiell produksjon krev meir kunnskap om kva som er ideelle produksjonsvilkår, så som strategi for stabil høg overleving i botnkultur. Eit forskingsarbeid Scalpro gjer i samarbeid mellom anna med Havforskinga, UiB og Hotate AS.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.