Prioriterte asfalt framfor barnevern

I innspurten i budsjettdebatten såg kommunestyret i Øygarden seg råd til både rehabilitering av Hengjo på Hellesøy og utviding av båtruta frå Hellesøy til Fedje.

Grundig debatt i formannskap og åtte andre komitear gjorde at det berre var finpussen som stod att då kommunestyret i Øygarden onsdag drøfta budsjett- og økonomiplan for 2018.

Øygarden kommune har tidlegare fått tilskot frå Hordaland fylkeskommune til rehabiliteringa av Hengjo på Hellesøy.

I siste minutt vedtok kommunestyret å løyva ein million til rehabilitering av Hengjo på Hellesøy.

Asfalt
Dei kommunale vegane i Øygarden byrjar verta slitne. For å imøtekoma behovet for ny asfalt, vert posten asfaltering av kommunale vegar auka frå 500.000 kroner til to millionar.

Båtruta frå Hellesøy til Fedje viste seg å vera så populær at kommunestyret vedtok å auka den kommunale finansieringa frå 75.000 til 175.000 kroner. Nok til ein ekstra tur, eller ein ekstra dag, i sommarsesongen, slik at dei reisande slepp å stå skuffa att på kaien.

Startlån
Av sosiale tiltak, vart det vedteke å setja av 2,5 millionar kroner til unge som søkjer startlån til kjøp av eigen bustad i Øygarden.

300.000 kroner vert øyremerka til inntak av fleire kommunale lærlingar.

For å finanseira dei nye tiltaka vart forslaget om ny stilling i barnevernet teken ut av driftsbudsjettet. Resten av meirforbruket fann kommunestyret pengar til ved å redusera overføringa til driftsfondet med 1,8 millionar kroner.

Halv milliard
Budsjettet som no vert lagt ut på høyring legg opp til samla driftsinntekter på 556 millionar kroner neste år. I samsvar med fylkesmannen sitt pålegg, vert det lagt opp til eit overskot på drifta på 35,1 millionar kroner.

Nye, store tiltak, som Hjeltefjorden Arena, utviding av Rong skule og nyanlegg av idrettsbana på Toftøy skule, vil krevja samla investeringar på 155,7 millionar kroner. 95,3 millionar vil verta finansiert gjennom låneopptak.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s