Heltane i Nordsjøen

I ”Shetlandsgjengen. Heltane i Nordsjøen” lanserer Asgeir Ueland ein ny teori om kva som utløyste Telavåg-tragedien.

Kronologisk og detaljrikt om dei mange heltane i Shetlandsgjengen.

Nordmenn vert visst aldri lei av Krigen. Ikkje så underleg, kan hende, så lenge stadig nye tidlegere hemmelegstempla arkiv vert opna for offentlegheita og profesjonelle historikarar grev seg ned på leit etter avgjerande detaljar som kan kasta nytt lys over hendingane.

I forordet skriv forfattar Asgeir Ueland at han har freista setja Shetlandsgjengen inn i krigens store samanheng. Han vil gje avdelinga den boka dei fortenar, men aldri har fått. Det har han langt på veg klart.

Mange heltar
Her er mange heltar som fortenar å verta framheva, ikkje berre Shetlands-Larsen. Dei som deltok i starten var gjerne våghalsar, eventyrarar og amatørar når det kom til krigføring. Fleire av pionerane hadde bakgrunn frå spritsmugling frå mellomkrigstida. Dette var så visst ingen profesjonelle militære. Ikkje oppførte dei seg alltid slik heller, til britane si store fortviling.

Ein ting hadde deltakarane i Shetlandsgjengen likevel til felles: Dei var dyktige sjøfolk, lommekjende langs Vestlandskysten. Dei britiske militære med ansvar for spesialoperasjonar oppdaga snart at dei norske sjøfolka var i stand til å utføra ei oppgåve britane elles ville hatt store problem med å få gjennomført.

Sentral aktør
Alt tidleg i boka slår det lesaren at; jammen må Shetlandsgjengen ha spela ei strategisk viktig rolle i samband med svært mange av dei vågale aksjonane som den norske motstandsrøyrsla utførte i åra 1940 – 45.

Måløy-raidet, jakta på slagskipet Tirpitz, tette band til Kompani Linge, ilandsetjing av hemmelege agentar og radiooperatørar, og frakt av våpen og anna kritisk utstyr. Dette er veldige kort oppsummert noko av det biletet Ueland skisserer.

Kamp mot mange fiendar
Stadig meir aktpågjevande tyske militære langs norskekysten vart ei aukande trussel mot verksemda utover i krigsåra. Mogelege infiltratørar og angjevarar var og noko dei heile tida måtte vera på vakt mot, både om bord, og dit dei la til land.

Sjølv om oppdraga til Shetlandsgjengen strakt seg frå Lofoten i nord til Lista i sør, var øyane vest for Bergen målet for ikkje så reint få av oppdraga.

Utløyste Telavåg-tragedien?
For Sotrastrilar vil det særleg vera interessant å lesa Ueland si skildring av hendingane han hevdar utløyste Telavågtragedien.

Telavåg vart nytta som ilandssejingsstad av fleire grupper, ikkje berre av Shetlandsgjengen. Noko som truleg førte til mykje rykte i lokalmiljøet, og som gjorde at Gestapo hald øysamfunnet under oppsikt.

Ifølgje forfattaren var det likevel rein og skjær misunning som vart den direkte utløysande faktoren for katastrofen i april 1942. Englandsfararane løna gjerne samarbeidspartnarane sine i Norge med luksusvarer som ekte kaffi, tobakk og sjokolade. Ei kvinne som ikkje fekk, skal ha kjent seg så forsmådd at ho hemna seg ved å røpa trafikken for lensmannen.

Les: Attreisinga av Telavåg – ei nasjonal oppgåve

Opprulling
Mindre kjent har det vore at Televåg-tragedien utløyste opprullinga av store delar av Shetlandsgjengen sitt nettverk av basar og samarbeidspartnarar langs vestlandskysten. Indirekte vart difor Televåg-tragedien eit alvorleg setback for ilandsetjinga av agentar og våpen til den norske motstandsrøyrsla.

Blia
For Shetlandsgjengen var det ein kamp på liv og død, mot mange ulike fiendar, ikkje berre militære. I den lyse årstida kunne dei ikkje gå, på grunn av faren for å verta oppdaga. I vintermånadane var vergudane største trusselen.

Ueland føl ulukkesfartøyet ”Blia”, så langt det er mogeleg, heilt til brønnbåten legg frå kai i Melingsvågen i Bømlo fullasta med flyktningar og set baugen ut i Nordsjøen i full storm.

Mindre dramatisk, men likevel verd å merka seg for Sotrastrilar, er forteljinga om miniubåten som vart seinka like nord for Gavlen i Fjell.

Innimellom får vi ein gløtt av kampen mellom britiske militære og deltakarane i Shetlandgjengen om organiseringa av verksemda. Lesarane vil og få små detaljar om kvardagslivet på Shetland i krigsåra.

Oppdrag og personar
”Shetlandsgjengen” er kronologisk oppbygd. Ueland hevdar å ha gått gjennom 50.000 dokument for å spora mest mogeleg detaljar om dei ulike operasjonane Shetlandsgjengen utførte.

For dei som søkjer fleire detaljar, finst det bak i boka  kronologiske oversiktar som dukumenterer alle dei 95 oppdraga som vart utført med fiskebåt dei tre første og mest dramatiske sesongane, før dei fekk tilgang til ubåtjagarane Vigra, Hitra og Hessa, og ”Shetlandsbussen vart” eit faktum.

Her finst og ein alfabetisk oversikt over dei meir enn 300 sjøfolka som var med, kva tokt dei deltok i og kva skjebne dei fekk.

”Shetlandsgjengen. Heltane i Nordsjøen” er ei bok som bør liggja under juletreet for mange historieinteresserte Sotrastrilar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.