Store skilnadar i driftskostnadar på fylkesvegane

Hordaland fylkeskommune brukar 2,5 gongar så mykje per meter på drifta av vegane i Bergen som på drifta av vegane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy.

For kvar krone Hordaland fylkeskommune brukar på drift av dei smale fylkesvegane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy brukar dei 2,50 kroner på vegnettet i Stor-Bergen.

Dette framkjem av Hordaland fylkeskommune sin strategi for drift og vedlikehald av fylkesvegnettet fram mot 2029.

Oppretthalda standarden
Drifta av vegnettet omfattar tiltak som er nødvendige for at vegnettet og vegutstyret skal fungera som planlagt. Dette er aktivitetar som brøyting, strøing med salt og sand, vask og reingjering, oppretting av skilt, stell av grøntareale, trafikkstyring, trafikantinformasjon, drift av lysanlegg for gater og
vegar, samt opprydding etter ras og flaum.

Kostnad i vest
Det er Mesta Drift AS som står for drifta av dei 517 kilometrane med fylkesveg i dei fire kommunane vest for Bergen. Kontrakten som no er inne i opsjonsperioden, kostar fylkeskommunen 150 millionar kroner årleg, tilsvarande 73 kroner per meter veg, ifølgje ein oversikt utarbeida av Statens vegvesen.

Forskjell – 99 kroner
Bergen peikar seg ut i fylkessamanhang. Ingen av dei andre regionane er i nærleiken av kostnadsnivået i Bergen. Samanlikna med øykommunane i vest, kostar drifta av vegnettet i Bergen heile 99 kroner meir per meter, eller 2,5 gongar så mykje.

Kontrakten på utføringa av tilsvarande oppgåver på dei 789 kilometrane med fylkesveg i Stor-Bergen kjem på heile 542,3 millionar kroner, eller heile 172 kroner meteren.

Tunnelar kostar
Forklaringa på dei store skilnadane skjuler seg i tunnelane, ifølgje Knut Helge Olsen i Statens vegvesen.

Tunnelar treng vaskast med jamne mellomrom. Lengda på tunnelar i dei einskilde kontraktane er difor vesentlegaste årsaka til den store skilnaden i kostnad per meter.

Kjempehopp
Nye tunnelanlegg i Bergen er dessutan utstyrt med avanserte anlegg for lys- overvaking og trafikkantinformasjon. Då Ringveg Vest vart teken i bruk, gjorde driftskostnadane eit kjempehopp, ifølgje tidlegare vegsjef Olav Finne.

Les: Avtroppande vegsjef i Hordaland: – Kven skal få dårlegare framkommelegheit?

Statens vegvesen skiljer mellom drift og vedlikehald. Vedlikehald omfattar tiltak som er påkravde for å oppretthalda standarden på vegnettet, så som bruer.

Les: Bruvedlikehaldet nedprioritert i fylkesbudsjettet

Rimelegast
Aller rimelegast er drifta av vegnettet i Sunnhordland. Innsatsen for å oppretthalda forsvarleg standard på dei 656 kilometrane med fylkesveg i Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes og delar av Fusa og Kvam, kostar berre 60 kroner meteren.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s