Drakamp i Nordsjøen

Drakamp om utbyggingsløysinga for ei rekkje mindre oljefunn sør for Oseberg-feltet i Nordsjøen kan enda med at 400 millionar fat olje vert ført i land til Stureterminalen.

Statoil og Aker BP kjempar for å verta samde ei felles utbyggingsløysing for ei rekkje mindre oljefunn i området sør for Oseberg og nord for Alvheim, melder DN.no.

400 millionar fat
Det sokalla Noaka-området inneheld tilsaman over 400 millionar fat olje.

400 millionar fat er like mykje som det som opphaveleg vart rekna å vera i heile Oseberg-feltet.

Både Statoil og Aker BP har eigarandelar i felta i området. Aker BP ønskjer å byggja ein ny, stor prosesseringsplattform på feltet. Statoil derimot har teke til orde for at det bør byggjast to ubemanna plattformar i området, ifølgje næringslivsavisa.

Mot Oseberg?
Spekulasjonar i meklarmiljøet vil ha det til at Statoil vurderer å kopla ei utbygging i området opp mot den eksisterande infrastrukturen på Oseberg.

Olje og kondensat frå Oseberg vert i dag ført i land i røyrleidning til Sture-terminalen i Øygarden.

Les: Vurderte å fjernstyra Martin Linge frå Kollsnes

– I ein utredning ønskjer vi å vurdera alle mogelegheiter som kan gje auka lønsemd og lengre levetid for etablert infrastruktur med ledig kapasitet, seier Statoil-talsmann Morten Eek til DN.no.

Han understrekar at ingenting er konkludert.

Avgjer over nyttår
Oseberg-feltet vart først sett i produksjon i 1988, og produksjonen har vore synkande siste åra. Det vil seia at det kan vera interessant å gjenbruka den eksisterande røyrleidinga til Sture.

Konseptvalet for heile området skal etter planen skje tidleg i 2018.

Olja frå Alvheimfeltet vert ført i land i røyrleidning til Skottland.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s