To frå vest skal laga nytt fylke

Øykommunane vest for Bergen har to representantar i Fellesnemnda som skal forhandla fram eit nytt vestlandsfylke.

Dei kjem frå kvar sine sider av det politiske landskapet, Aud Karin Oen (SV) og Roald Stenseide (FrP). I Fellesnemnda for nytt vestlandsfylke vil partipolitikken likevel vera underordna.

Fellesnemnda som skal slå saman Hordaland og Sogn og Fjordan fylker er sett saman av dei to fylkesutvala, og har til saman 24 medlemmar; 15 frå Hordaland og 9 frå Sogn og Fjordane.

To frå vest
To politikarar frå region vest skal delta i dette viktige, overordna arbeidet. Aud Karin Oen (SV) kjem frå Øygarden, og Roald Stenseide er heimehøyrande i Askøy.

Ingen av dei ønskjer å leggja noko vekt på at dei og partia dei tilhøyrer saman representerer ei polarisering av den rådande politikken.

Les: – Ei svekking av den lokalpolitiske styringa

Fylkestinget avgjer
– No er det om å gjera å få til ein god prosess mellom dei to fylka. Ivareta dei tilsette og dei me yter tenester til, seier Oen.

– Elles kjempar eg no stort sett for SV sine saker. Dei er gode for både by og land, legg SV-kvinna til.

Roald Stenseide er derimot tydeleg på at han vil overlata dei politiske avgjerdene til Fylkestinget.

– Fellesnemda si oppgåve er å iverksetja den avtale/vedtak som Fylkestinget har lagt til grunn. Fellesnemda må prøva å oppnå konsensus i sakene. Saker som det kan bli debatt om er for eksempel konkurranse/kjøp av tenester. Slik som revisjon, om den skal utførast internt eller eksternt, seier Stenseide.

Namn?
Fellesnemnda for Hordaland og Sogn og Fjordane hadde sitt første møte i går. Å verta samde om eit namn som også nabofylka og Kommunal- og moderniseringsdepartementet kan akseptera, vert eitt av dei første store temaene dei må verta samde om.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s