Likestillingssinker i vest

Kvinnene i kommunane vest for Bergen har høgare utdanning enn menn, men tenar likevel nærare 200.000 kroner mindre i året.

Mannlege Asketappar verkar meir innstilte på å delta i oppveksten til ungane enn Sotra- og Øygardsstrilar flest.

SSB sin nyleg offentleggjorde statstikk over indikatorar for likestilling mellom kjønna etterlet ingen tvil om at strilane ikkje heilt føl med utviklinga i samtida når det gjeld likestilling. Samanliknar vi med det nasjonale snittet, framstår det som om det tradisjonelle, konservative kjønnsrollemønsteret har bite seg fast i kommunane vest for Bergen.

Lite ser ut til å ha endra seg sidan nettavisa Tunnelsyn.no sist omtalte lønsgapet mellom kvinner og menn for to år sidan.

Les: Oljesmurte parforhald

Fleire kvinner enn menn har høgare utdanning. Askøy er den kommunen der flest kvinner har høgare utdanning.

Strilekvinna
Strilekvinnene kan karakteriserast ved at ho har høgare utdanning, oftast jobbar i offentleg sektor, jobbar meir deltid, og dermed også tenar mindre enn menn, skal vi tru SSB.

Ikkje i nokon av kommunane vest for Bergen nådde gjennomsnittskvinna ei inntekt som kunne konkurrera med Kari Nordmann si snittinntekt på 359.000 kroner.

Kvinnene i kommunane vest for Bergen tenar i snitt 36 prosent mindre enn mennene.

Mest likestilt
Lengst verkar det som om den økonomiske likestillinga mellom kvinner og menn har kome i Askøy, ifølgje SSB.

Medan mannlege asketappar i snitt har ei brutto lønsinntekt på 528.000 kroner, tener kvinnene 33 prosent mindre. Når lønsgapet ikkje er større, skuldast det at kvar tredje Askøy-kvinne i arbeidsfør alder har høgare utdanning. Ein høgare andel av dei jobbar i det private næringslivet, og fleire har leiande stillingar. Andelen kvinner som jobbar deltid er noko høgare enn i Fjell, men mindre enn i Sund og Øygarden.

I Øygarden jobbar 8 av 10 yrkesaktive kvinner i offentleg sektor.

Fedrekvote
Talsamansetjinga gjev uttrykk for ein haldningstrend. Askøytappane verkar vera langt meir innstilte på å gjera ei innsats i heimen enn det Ola Nordmann er. Dette er den kommunen der flest menn tek ut heile fedrekvoten av foreldrepengeperioden. Dette er også den kommunen der høgast andel av ungane under fem år går i barnehage.

Dessutan er Askøy den kommunen i vest som har høgast andel kvinner i kommunestyret…

Høgast løna
Når det kjem til inntekt, er det den mannlege fjellsokningen som er høgast løna, med ei gjennomsnittleg årsløn på heile 554.400 kroner i 2016. Dette er den kommunen der lønsgapet er størst, heile 202.100 kroner. Samanlikna med sine medsøstre i Askøy, kjem likevel ikkje Fjell-kvinnene så aller verst ut. Inntekta til kvinnene i Fjell overgår den Askøy-kvinnene har, så vidt.

Øygarden er den kommunen som har lågast yrkesdeltaking, det gjeld både kvinner og menn i alderen 20 – 66 år.

Heile 42 prosent av kvinnen i Sund jobbar deltid. Blandt yrkesaktive menn er det under ti prosent som jobbar deltid.

Meir deltid
Øygardskvinna jobbar oftast i offentleg sektor. Ho jobbar meir deltid og har færre ungar i barnehage. Yrkesdeltakinga gjev utslag på løna. Øygardskvinna er den som har lågast inntekt. Ho tenar i snitt 30.000 kroner mindre enn sine medsøstre i Askøy og Fjell.

Kvinnen i Sund er dei som jobbar mest deltid. Dei får også minst hjelp i småbarnsfasen av fedre som tek ut heile fedrekvoten av foreldrepengeperioden. Det hindrar henne likevel ikkje i å nå leiarstillingar. Berre i Askøy er det høgare andel av kvinner i leiarstillingar enn i Sund.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.