Dyrare å reisa med bussen

Det vert dyrare for vaksne å reisa kollektivt i Bergens-området frå 1. februar.

For å dekka noko av kostnadane med fleire avgangar og rimeleg ungdomskort, aukar Skyss prisen på vaksenreiser frå 1. februar.

Fylkespolitikarane i Hordaland vil gjerne at flest mogeleg skal reisa kollektivt. For å dekke noko av kostnaden med fleire avgangar, rimeleg ungdomskort og andre gode tiltak, skrur Skyss opp prisane på vaksenreiser frå 1. februar.

Slutt på rabattar
Frå denne datoen vert det slutt på rabatterte einskildbillettar, så som klippekort og mobilkonto. Dette er reiser som idag nyt godt av 17 prosent rabatt, ifølgje pressekontakt Ingrid Dreyer i Skyss.

Dyrare med månadskort
Samstundes aukar prisen på 30 dagars periodebillett for vaksen, 1 – 2 soner, med 30 kroner. Ny pris vert 810 kroner.

Einskildbillett for vaksne, 1 – 2 soner, vil framleis kosta 37 kroner.

Det nye sonesystemet, der sju soner skal dekkar heile Hordaland, og det vert mogeleg å reisa i heile Sotra og Øygarden for 37 kroner, vil først verta innført 1. august neste år, understrekar Dreyer.

Les: Rimelegare å reisa langt med bussen

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s