Lang ventetid på spesialundervisning

Elevar med behov for tilpassa undervisning i Fjell risikerer å måtta venta i inntil to år frå skulen får mistanke om at noko er gale og til eleven får tilbod om eit relevant undervisningstilbod.

Å fanga opp elevar som slit med å læra på eit tidleg tidspunkt er avgjerande for deira vidare utvikling. (Arkivfoto).

Opplæringslova set krav til kommunane om at dei skal gje elevane i grunnskulen ei opplæring som er tilpassa dei einskilde sine evner og føresetnadar. Spesialtilpassa tilbod skal setjast inn så tidleg som mogeleg, særleg gjeld det norsk og matematikk.

Forvaltningsrevisjon
På oppdrag frå kontrollutvalet i Fjell er det gjennomført ein forvaltningsrevisjon om tilpassa opplæring og spesialundervisning ved dei 15 kommunale og to private grunnskulane i kommunen. Her vart det undersøkt i kva grad elevane får ei opplæring som er tilpassa deira evner og føresetnader.

Det vart også spurt i kva grad sakshandsaminga knytt til vurdering av behov for spesialundervisning er i samsvar med krava i regelverket.

Under siste kommunestyremøtet i 2017 orienterte leiar Kristian Johannessen i Kontrollutvalet politikarane om funna i undersøkinga, som er utført av konsulentverksemda Deloitte AS.

Underdekning?
Opplæringslova set krav til tidleg innsats i dei tilfella der det kan vera behov for tilpassa undervisning eller spesialundervisning.

Undersøkinga avdekkar at det truleg er mange elevar med behov for spesialundervisning i grunnskulane i Fjell som ikkje får slikt tilbod, eller så får tilbodet på eit altfor seint tidspunkt.

Nær kvar tredje kontaktlærar opplyser at dei har ein eller fleire elevar i si gruppe som burde hatt spesialundervisning, men som ikkje har det. Kvar femte lærar er delvis samd i ein slik påstand.

Manglar strategi
-Kommunen manglar overordna retningsliner som skildrar saksgangen frå bekymring for ein elev sitt læringsutbytte og fram til det eventuelt blir fatta enkeltvedtak. Revisjonen meiner at mangelen på ei slik retningsline aukar risikoen for feil og manglar i desse prosessane, og for ulikheiter mellom skulane, skriv Deloitte.

Urimeleg lang sakshandsamingstid
I Fjell kan det i særlege tilfelle ta inntil to år frå skulen får mistanke om at einskildelevar ikkje får det utbytet av undervisninga som dei burde ha fått, og til eleven får tilbod om relevant spesialundervisning.

– Sakshandsamingstida i samband med vurdering av behov for spesialundervisning er til dels for lang. Både PPT og skulane bryt til tider lovkrava om at saka skal handsamast innan rimeleg tid og utan ugrunna opphald, skriv Deloitte i rapporten.

Særleg den manglande kapasiteten hos PPT vert påpeika:
– Manglande kapasitet hos PPT er ikkje ein lovleg grunn til lang sakshandsaming, og bruken av ventelister strider mot elevane sin rett til spesialundervisning, legg konsulentverksemda til.

Men sjølv når ein sakkunnigrapport frå PPT føreligg, kan det ta eit halvår eller meir før vedtak om spesialundervisning vert fatta og relevante undervisningstiltak vert sette i verk.

Norsk og matematikk
239 elevar i Fjell fekk spesialundervisning i skuleåret 2016 – 2017. Sjølv om andelen er aukande, er det likevel færre elevar i grunnskulane i Fjell som får spesialundervisning enn det som er vanleg i Hordaland og i landet elles, viser undersøkinga.

Noko av forklaringa kan vera at Fjell har ei høgare lærardekning på dei lågaste klassetrinna enn det som er vanleg mange stadar. I håp om å hindra at elevar fell utanfor den ordinære undervisninga, har nær halvparten av skulane sett inn ekstra lærekrefter i norsk i 1. -4. klasse.

Les: Ekstramillionar til fleire lærarar på barnetrinnet

Fokuset på matematikk er mindre, trass i at Fjell har vedteke å verta eit teknologisk fyrtårn i vest. Færre enn kvar femte skule har sett inn ekstra lærekrefter i matematikk.

For lita tid til kvar elev
Rapporten set heile grunnskulesystemet i Fjell under lupa. I ei tid der skulestrukturen og spørsmålet om nedlegging av skular igjen er eit heitt tema, bør politikarane merkja seg at over 70 prosent av lærarane meinar at for lita tid til kvar elev i undervisningssituasjonen er ei hindring for å tilpassa undervisninga til dei einskilde elevane i ein ordinær klassesituasjon. Kring 40 prosent av lærarane har peikt på at for store undervisningsgrupperer er ei hindring.

Krev oppfølgjing
Kommunestyret er samd med Kontrollutvalet om at alvoret i konklusjonane i rapporten gjev grunn til uro.

Skulesjefen har no to månadar på seg til å utarbeida ein plan om tiltak som kan bøta på funna i forvaltningsrevisjonen. Planen skal følgjast opp ved utgangen av 2018 med ei orientering om innførte tiltak .

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.