Sosialhjelpsmottakarar i Øygarden kjem best ut

Sosialhjelpsmottakarar i Askøy får vesentleg mindre utbetalt enn sosialklientar i andre kommunar i Hordaland.

For å få innvilga økonomisk sosialhjelp må du vera ute av stand til å forsørgja deg sjølv ved arbeid, eigne midlar eller ved andre økonomiske ytingar som du kan ha krav på. Økonomisk sosialhjelp er ei midlertidig inntekt. Målet med stønaden er at mottakaren så raskt som mogeleg skal kunne klara seg sjølv.

Heller ikkje Fjell og Sund har eit stønadsnivå som kan måla seg med Staten sine satsar, ifølgje ein oversikt frå Fylkesmannen i Hordaland.

Kommunane avgjer
Dei einskilde kommunane står fritt til å fastsetja sosialhjelpsatsane. Dette sjølv om Staten kjem med årlege tilrådingar på grunnlag av kva som må til for å sikra naudsynt livsopphald.

I Hordaland er det tildels store skilnadar kommunane i mellom på kor mykje einslege mottakarar av sosialhjelp kan rekna med å få til livsopphald, viser fylkesmannen sin oversikt.

Øygarden
Øygarden er einaste kommunen vest for Bergen der einslege sosialhjelpsmottakarar får ein stønad til livsopphald tilsvarande Staten sine tilrådde satsar. For 2017 har stønaden utgjort 5.950 kroner månaden til dekning av utgifter til mat og drikke, klede og sko, hushaldsartiklar, personleg hygiene, fjernsynslisens og telefon, fritidsaktivitetar og reise.

Fjell, Sund og Askøy er tre av dei seks kommunane i Hordaland som har ein lågare sats for sosialstønad enn det Staten tilrår, ifølgje oversikten.

Knappast i Askøy
Einslege som har vore avhengig av sosialstønad for å overleva i Fjell, har i året som no snart er omme motteke 5.787 kroner månaden til livsopphald. I Sund har summen vore sett litt lågare, til 5.700 kroner månaden.

Aller minst å rutta med er det likevel sosialhjelpsmottakarane i Askøy som har. Beløpet som vert rekna som naudsynt for livsopphald i Askøy er heile ti prosent lågare enn i Øygarden. I Askøy har sosialhjelpssatsane for einslege stått stille i fleire år og utgjer no 5.197 kroner månaden.

Husleige og straum utanom
Berre Radøy og Etne har eit stønadsnivå som ligg over Staten sine satsar, ifølgje fylkesmannen i Hordaland.

Eventuelle utgifter til husleige og straum vert dekka utanom til stønaden til livsopphald.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.