Mest lest i 2017

Nyårsafta nærmar seg, og det er tid for å gjera opp status over året som snart er omme.

Soga om den eventyrlege størjefangsten på 1950 og -60-talet vart ei av dei aller mest leste på nettavisa Tunnelsyn dette året. Her K.S.K med ein størjefangst. Foto: Privat.

2017 har vore eit travelt år, for politikarar og næringlivet  i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy – og for nettavisa Tunnelsyn som har omtalt eindel av hendingane.

Nettavisa Tunnelsyn har som mål å framheva det som er bra, men også å ta opp tvilsame tilhøve i lokalsamfunnet. Dei mest leste sakene dette året viser at publikum diverre ser med ein viss skepsis på eindel av dei som er sett, eller valde, til å leia oss.

Den klart mest leste saka i 2017 var:
1) Askøyleiar skal granskast for korrupsjon.

Saka på andreplass viser problema som oppstår når sentrale næringslivsleiarar samstundes opptrer i dobbeltroller som politikarar med stor makt. Fjell kommune har så langt valt å oversjå inhabilitetsproblematikken når overordna planar skal vedtakast.

2) Komiteleiar løyvde millionar til eiga verksemd

Få ting engasjerer og provoserer Sotrastrilen i like stor grad som Sotrasambandet og køsituasjonen på vår trafikale navlestreng. Lesartala viser at langt frå alle meinar at den valde løysinga for nytt Sotrasamband er den beste.

3) Gjestekommentar: – Vi treng ny diskusjon om Sotrasambandet

Ei nettavis er ikkje nødvendigvis berre dagsferske nyhende. Historiske saker er alltid populære. Soga om det eventyrlege størjefisket på 1950 og -60-talet vart fortald på eit lokalt arrangement i Øygarden, men vekte interesse hos lesarar også i Askøy og i Austevoll.

4) Størjekongen frå Ramsøy

Nokon er meir opptekne av ny teknologi enn andre. Eit ungt par på Askøy har valt å ta bruken av nye, smarte dingsar heilt ut i heimen, noko som mange gjerne ville vita meir om.

5) Smartaste heimen på Askøy

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.