Ekstramillionar til rusomsorg

Personar som står i fare for å utvikla, eller som alt har eit rusproblem skal få eit betre tilbod frå kommunane neste år.

Den offentlege innsatsen mot rusproblem må fordelast på tidleg innsats, behandling og ettervern.

Rus og psykisk helse er eit av dei områda som får meir pengar å rutta med neste år. I budsjettforliket mellom Høgre, Venstre, FrP og KrF i haust vart fleirtalet på Stortinget samde om å styrka den nasjonale løyvinga til rusomsorg med 375 millionar kroner, ifølgje ei melding frå fylkesmannen i Hordaland.

Tidleg innsats, behandling og ettervern
Kommunane vest for Bergen får 3,565 millionar kroner neste år øyremerka til tiltak innan rusomsorg.

Pengane skal nyttast til å gjennomføra regjeringa sin plan for opptrapping av tenester innan rusfeltet, på dei tre nivåa tidleg innsats, behandling og ettervern.

Største løyvinga til føremålet går til Fjell, som får 1,435 millionar kroner. Askøy får 1,425 millionar, medan Sund får 415.000 og Øygarden 290.000 kroner.

I lokalmiljøet
Både kapasitet og kvalitet i tenestetilbodet må styrkast, er det semje om på Stortinget.

Hovudinnsatsen må skje i lokalmiljøet, altså i kommunesektoren, der utfordringane er størst.

Ekstramidlane er fordelt som eit tillegg til rammetilskotet til kommunane, ut frå same kostnadsnøkkelen som tildelinga av sosialhjelp.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s