Dagens sleivspark: Kan nokon gje denne mannen ein ph?

Er du kvinne, og mislikar å bli klypt i baken av tilfeldige mannehender i utide? I så fall har du ingenting i Det Norske Arbeiderpartiet å gjera.

Lojal Giske-støttespelar – Leif Sande. (Foto: leifsande.no)

Annleis er det vanskeleg å tolka Leif Sande sitt sist utspel til forsvar for den trakasseringsskulda Trond Giske.

Etter ei lang karriere i fagrøyrsla, er pensjonisten frå Industri Energi no vara på Stortinget for Arbeiderpariet i Hordaland. Frå sitt politiske eksil i Lindås skyt Sande frå hofta på bloggen sin mot dei spede røysene i DNA som vågar ta til motmæle mot den eigenmektige nestleiaren.

Ei av dei som får merka vreden er Hadia Tajik. Einaste kvinna i toppleiinga i partiet som så langt openlyst har våga ta dei mange kvinnene som no, omsider vågar tala om sine erfaringa med Giske, i forsvar.

-Tajik er illojal, hevdar Sande.

Går det som fagforeiningsbossen vil, vert det Tadjik, ikkje Giske, som ryk ut av leiartrioen i DNA i neste landsmøte.

Når skal dei andre kvinnene i DNA gjera opprør mot dette massive manneveldet?

Det er lenge sidan den norske offentligheten har opplevde ein mann med like stor avstand mellom lårfesta som det Sande avslører her.

Kan nokon senda Sande ein ph?

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s