Teknologioverføring i praksis

Teknologioverføring frå olje- og gassindustrien er ikkje lenger berre festtalar. Administrerande direktør Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Norsk olje og gass la i dag fram andre rapporten med eksempel på teknologioverføring i praksis.

Rapport til inspirasjon. Norsk olje og gass sin andre rapport om teknologioverføring inneheld 26 eksempel, ifølgje administrerande direktør Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.

Sett frå Stavanger, der Norsk olje og gass (NOG) held til, ser framtida lysare ut enn på lenge. I 2017 har bransjen levert fleire store planar som vil sikra utbyggingar fram mot 2020, men etter det treng ein tenkja nytt, skal bransjen framleis vera bærekraftig.

– Hordland er viktigare for olje- og gassindustrien enn dei fleste utanfor fylket forstår, og olje- og gass er viktig for Hordaland. Meir enn 56.000 hordalendingar hentar levebrødet sitt frå olje- og gassnæringa, konstaterer administrerande direktør Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i Norsk olje og gass (NOG).

Gjera det umogelege mogeleg
– Oljedriven innovasjon og kunnskaps- og teknologioverføring vil vera eit verkemiddel til å driva næringsutvikling og skapa nye arbeidsplassar, hevdar den tidlegare AP-statsråden.

Vellukka teknologioverføring kjem ikkje av seg sjølv. Alt avheng av at olje- og gassindustrien sjølv klarar driva kontinuerleg utvikling og løysa nye utfordringar, redusera kostnadar, redusera utsleppa slik at måla i Paris-avtalen vert nådd, og foreinkla det som er komplisert.

– Vi må gjera det umogelege mogeleg, oppfordra Schjøtt-Pedersen.

Mange bransjar
For å illustrera poenget, la NOG fram ein rapport med heile 26 eksempel på teknologi- og kunnskapsoverføring, frå olje og gass til eit breidt spekter av bransjar. Rapporten som er den andre i rekkja, framhevar havenergi, havbruk og helse som nye bruksområde for olje- og gassteknologi. Men også byggebransjen, entrepenørverksemder og satelittindustrien vil kunna dra god nytte av løysingane norsk olje- og gassindustri har utvikla siste 40 åra, skal vi tru rapporten som er meint å skulla gje inspirasjon til nye innovasjonsprosjekt.

– Den norske leverandørindustrien har 40 – 50 prosent av verdensmarknaden, men har fremleis eit stort vekstpotensiale, hevda dagleg leiar Owe Hagesæther i GCE Subsea.

– Dei store innovasjonane vil koma på område der ulike næringar overlappar kvarandre, spår Hagesæther.

Frå undervassbasen på Ågotnes ser Hagesæther for seg at lokal teknologi med utgangspunkt i klyngen skal finna nye marknadar internasjonalt, særleg innan offshore fornybar energi, havbruk, gruvedrift på havbotnen og miljøovervaking.

Les: Havbruk utfordrar subsea

Gratis kunnskap

Mikrokomponentar i titanstål til bruk i ei hjartepumpe set ekstreme krav til tynnleik og polering av stålet, og til dokumentasjon av kvaliteten i komponentane. (Foto: K. Lerøy Metallindustri AS)

K. Lerøy Metallindustri AS er kan hende den av verksemdene i Bergensområdet som har teke lengste steget ut i det ukjende. Oljebransjen har gjerne ord på seg for at alt skal vera så stort, men metallindustriverksemda på Osterøy har valt å gå motsett veg i sitt innovasjonsarbeid. Dei satsar i staden på produksjon av mikrokomponentar i titanstål til helsevesenet. Eit særs krevjande oppdrag med mange utfordringar. Dei ørsmå komponentane skal nyttast i ei hjartepumpe, meint å plasserast inne i hjarta gjennom ein sokalla «kikkholsoperasjon», noko som set ekstreme krav mellom anna til tynnleiken på stålet og til finpussinga av overflata.

– Kvaliteten på kvar einskild komponent må kunna dokumenterast, og her var vi einaste leverandøren som nådde opp, seier dagleg leiar Kjell Lerøy.

– Det er lett å undervurdera dyktige tilsette i slike innovasjonsprosessessar, hevda Lerøy.

Verktøyprodusentane har tilført metallindustriverksemda mykje gratis kunnskap. Den nye kunnskapen er deretter spreidd via interne kurs.

Gassprøvar
NUI henvender seg primært mot trykkammer-dykkarar. Å forsikra seg om at miljøet inne i trykkammeret ikkje vert ureina av gassar frå områda rundt kammeret er kritisk. Utfordringa har NUI løyst ved å utvikla ein gasstett sedimentprøvetakar. Slik sikrar dei at det som måtte vera av gassar på havbotnen vert med prøvetakaren opp til overflata, fortel administrerande direktør Rolf Røssland.

Innovasjonen sprang ut av den nye NORSOK-standarden, med krav til gassprøvar frå havbotnen. Tidlegare hadde sedimentprøvane blitt teke med gravemaskin, men då forsvann gassen på veg opp mot overflata, ifølgje Røssland.

– Lovverket heng vanlegvis langt etter teknologiutviklinga. Så lenge regelverket ikkje er på plass, kan bransjen avvisa ny teknologi med at ”dette er jo ikkje noko krav”. Motstand mot å innføra ny teknologi kan også botna i at dei som dreg fordel av teknologien ikkje nødvendigvis er dei same som skal betala, seier Røssland.

Han avviser kategorisk alle påstandar om at den nye teknologien er dyr. I dette tilfellet sikrar teknologien at dei får meir informasjon. Informasjon som i neste omgang gjer det einklare å velja lokasjon for utplassering av trykkammeret.

Miljøovervaking
Miljøovervaking og sensorar er eitt satsingsområde for fleire av medlemsverksemdene i GCE Subsea.

Aandreaa Instrumens AS utviklar flytande bøyer og ei rekkje ulike miljøsensorar. Gjennom innovasjon er fire ulike bøyetypar nyleg blitt omgjort til ei fleksibel bøyeløysing som kan nyttast i alle situasjonar. Montering av sensorar gjer at dei kan samla informasjon om meteorologisk tilhøve, bølgjer, straumtilhøve, vasskvalitet og navigasjon.

Bøya er beskjeden i kravet til straum, og vert driven av solcellepanel. Dei komprimerte datamengdene vert overført via satellitt, ifølgje dagleg leiar Thorleif L. L. Gustavsen.

Storleiken på den nye bøya er kraftig redusert, samanlikna med den største av dei tidlegare bøyetypane. Det same er vekta. At kostnadane med den nye bøyen berre utgjer ein tredel, har gått heim hos marknaden, smiler Gustavsen.

Kvar er Sotra-verksemdene?
Dei mange gode eksempla til trass. Dei som leitar etter Sotra-verksemder vert skuffa. Ingen Sotra-verksemder er eksplisitt nemnde i NOG-rapporten, sjølv om fleire truleg deltek i dei tverrfaglege prosjekta som vert framheva.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.