Steller til fest på Hengjo

Den gamle nothengjo på Hellesøy skal verta festlokale og kulturhus.

Den nye fasaden mot nord. fh. ordførar Børge Haugetun saman med Dagny Gilje Antonsen, Per Brandal og Terje Nilsen i Hengjos Venar.

Dei som har vore på Hellesøy siste halvåret har kanskje fått med seg at fasaden på den gamle nothengjo heilt nord på Hellesøy er blitt fiksa opp med nye, store vindauge mot Hjeltefjorden?

Full rehabilitering
Utvendig har det skjedd ei full rehabilitering. Inne er det laga ein ekstra etasje under det gamle loftet, fortel Terje Nilsen, Per Brandal og Dagny Gilje Antonsen i Hengjos Venar som står som byggherre for arbeidet.

Planen er å laga eit multifunksjonsbygg med festsal på 170 kvadratmeter på loftet, møterom, kjøken og toalett i underetasjen. Eit bygg som kan tena som samlingsstad for innbyggjarane i nordre delen av Øygarden, men som også kan bidra til å trekkja folk til Hellesøy, seier Nilsen.

Ei av få
– Nothengo representerer ein viktig del av Øygarden si tidlegare storheitstid som fiskerikommune. No ønskjer vi å ta vare på det som ein kulturell møtestad, seier ordførar Børge Haugetun.

Noko av bygget sin tidlegaste historie skjuler seg framleis i historia sitt mørke. Det ein veit, er at Hengjo vart bygd på slutten av 1940-talet, medan silde- og størjenøtene framleis vart laga av bomull og hamp, og trong tørkast for ikkje å rotna. På loftet bøtte dei nøtene, fortel dagleg leiar Bjørg Christophersen ved Kystmuseet i Øygarden som er den formelle eigaren av Hengjo.

På slutten av 1940-talet stod det mange slike bygg på forblåste nes langs Vestlandskysten. I dag er Hengjo på Hellesøy ei av dei få som står att, seier Haugetun.

Vernestatus
Statusen som kulturminne inneber at bygget er verna, med Øygarden kommune og Hordaland fylkeskommune som vernemyndigheit.

Det faglege ansvaret for rehabiliteringa er det Kystmuseet som har:

– Det er viktig at bygget får ny bruk og vert teke vare på, seier Christophersen.

Dagens behov

Dei gamle dragspela som vart nytta til å trekkja nota opp på loftet er teken vare på, viser Terje Nilsen.

I slike prosjekt vil det alltid vera behov for å inngå kompromiss mellom historiske verdiar og dagens behov.

– Vi har vore tydelege på at det skal vera synleg kva som er nytt, og at folk skal sjå kva som er gammalt, seier Christophersen.

Innvendig er mykje av dei originale konstruksjonane som mogeleg tekne vare på. Mellom anna dragspela som vart nytta til å trekkja dei store nøtene opp på loftet. Golvet på loftet skal grønsåpeskurast, men verken slipast eller lakkast, fortel Nilsen.

6,5 millionar
Det at Hengjo vert rekna som eit kulturminne har bidrege til det har vore mogeleg å få pengar til restaureringa, mellom anna frå Hordaland fylkeskommune, seier Haugetun.

Seinast i budsjettbehandlinga før jul sette kommunestyret i Øygarden av ein million til rehabiliteringa.

Ordføraren rosar og fylkestingsrepresentant Aud Karin Oen sin innsats for å henta heim økonomisk støtte til prosjektet.

Totalt reknar Hengjos venar med at restaureringa vil kosta kring 6,5 millionar kroner. Då er grunnerverv og frivillig innsats frå medlemmane rekna med.

Universell utforming
Mykje arbeid står enno att før festlokalet tilfredstiller dagens krav, mellom anna til universell utforming. Før bygget kan takast i bruk må det lagast tilkomst, trapp og heis for funksjonshemma, veggane må isolerast og elektrisitet, vatn og avlaup må leggjast inn.

Går alt etter planen, vert det høgtideleg opning til Hellesøy-dagen i 2019.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s