Rullestolbrukar feira nyttår i eigen leilighet

For Ove Strømme (51) vart 2017 eit merkjeår. Året då han endeleg kunne flytta ut frå eldreinstitusjonen og inn i eigen leilighet.

Som medlem i Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Fjell bidreg Ove Strømme mellom anna til å tilpassa nye reguleringsplanar til fysisk funksjonshemma sine behov.

 

 

Ove Strømme vart fødd med ryggmargsbrokk og har vore avhengig av rullestol sidan han var sju.

Nyttårsafta kunna han feira i eigen leilighet. 30. juni i fjor gjekk flyttelasset. Endeleg kunne 51-åringen flytta ut frå Bu og servicesenteret på Straume.

– Ein gledesdag av dei sjeldne, forsikrar han ovanfor nettavisa Tunnelsyn.

Ut frå eldreinstitusjonen
Då han flytta inn på Bu og servicesenteret var han 39 år ung. Halvparten så gammal som storparten av dei andre bebuarane, som til dels også var prega av byrjande demens.

Ikkje akkurat noko ideelt miljø for ein aktiv mann i rullestol.

– Eg var han som drog snittalderen ørlite ned, seier Ove Strømme om åra på det han karakteriserer som ein eldreinstitusjon.

– Å bu for seg sjølv inneber eit langt friare liv, smiler Ove Strømme som lenge har engasjert seg i arbeidet for å styrka yngre fysisk funksjonshemma sine rettar.

Eit friare liv
Den nye bustaden ligg i Straumehagen, midt i smørauga i Straume sentrum. I den romslege 3-rommaren på heile 80 kvadratmeter har han fått rikeleg med plass til å svinga rullestolen. Like utfor stovedøra har han tilgang til eit grønt og solrikt fellesområde.

Vel inneber det å bu i eigen leilighet at det er færre folk rundt han til dagleg enn det han har vore van med. Vil han treffa kjende, er det no blitt langt einklare å trilla rullestolen inn i heisen og ned på Sartorplassen og til Sartor Storsenter.

Storkjøp av kommunale bustadar
Som eit tiltak i oppfølgjinga av den kommunale bustadmeldinga, har Fjell kommune siste åra vore storkjøpar av bustadar til ulike grupper som har vanskar med å koma seg inn på den lokale bustadmarknaden.

Les: Storkjøpar av bustadar

Leiligheten Ove Strømme har flytta inn i er ein av dei ti som Fjell kommune har kjøpt i den kontroversielle blokka Straumehagen.

Les: Her budde det ein gong ti familiar

Forskjell på folk
Det var ikkje berre skilnaden i alder som motiverte Ove Strømme til å kjempa for eige husvære utanfor Bu og servicesenteret. Det hadde også noko med korleis han forstod at omverda oppfatta han og dei andre bebuarane:

– Eg såg raudt den dagen eg last i lokalavisa at Bu og servicesenteret var ein eldreinstitusjon. Den dagen bestemte eg meg for at eg skulle ha eige husvære. Byrja undersøka mogelegheiten for å få bygd eit leilegheitskompleks med nokre få bueiningar, seier Ove Strømme som særleg mislikar ordet ”institusjon”.

Les: Sjef i eige liv

Ikkje alle tok poenget. Ti år tok kampen. Heile æra for suksessen vil han ikkje ta aleine. Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Fjell er ein av arenaene der han har engasjert seg. Der har han også fått god støtte for ønskjet om å kunna bu for seg sjølv.

Ikkje aleine
– Det vert feil å tenkja at personar som bur i omsorgsbustadar er eldre. Det er fleire funksjonshemma i Fjell som er i same situasjon som meg, hevdar Ove Strømme.

Kor mange yngre fysisk funksjonshemma det er i Fjell, manglar leiar Atle Justad (A) i Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne oversikt over. Det han veit, er at ni fjellsokningar så langt har fått innvilga brukarstyrt personleg assistent, men dei tilhøyrer alle aldersgrupper.

– Vi som bur i omsorgsbustadar utgjer ikkje noko einsarta gruppe. Det er naudsynt å skilja mellom eldre og funksjonshemma. Folk flest må og få augo opp for at det er store skilnadar i behova til dei som er fysisk og dei som er psykisk funksjonshemma, hevdar Ove Strømme.

Eit aktivt liv
For Ove Strømme er det å sitja i rullestol ikkje noko hinder for eit aktivt liv. Tildelinga av brukarstyrt personleg assistent gjer det praktisk mogeleg både å ha jobb i ei arbeidsmarknadsverksemd og ha eit sosialt liv på fritida. Å måtta administrera dei til tider mange vikarane kan likevel vera slitsamt, medgjev han.

Kampen for dei funksjonshemma sine rettar er langt frå over. Som i kampen om eigen bustad, kan det til tider vera snakk om å få tildelt rettar han faktisk har, ifølgje lovverket. Ove Strømme stikk hovudet fram i fleire samanhangar. Styrevervet i interesseorganisasjonen for personar med ryggmargsbrokk og hydrocephalus fører han landet rundt. Ein og annan utanlandstur vert det også.

Til dagleg er det likevel deltakinga i Kristent Fellesskap på Straume som betyr aller mest. Den kristne trua vart også utslagsgjevande då han nyleg melde seg inn i Kristeleg Folkeparti. Partiet sitt syn på menneskeverdet vog tungt, sjølv om SV etter hans meining er flinkare til å ta vare på dei funksjonshemma.

– Eg ønskjer å verta dei fysisk funksjonshemma sin talsperson inn i KrF, avslører Ove Strømme om nyttårsforsetta sine for 2018.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.