Desse sauene er aldri inne

I utmarka til Ulveseth-garden går eit 100-tals villsau ute heile året. Ein overbygd fôringsstad sørgjer for at utegangaren får det fôret han treng vinteren gjennom.

Atle Ulveseth er ein populær mann på fôringsplassen. Når han kjem med brødposen, kjem villsauene springande.

Det var storbrannen i utmarka på Sotra våren 2006 som fekk bøndene på Ulveseth til å gjera alvor av planane om å satsa på villsau, fortel Atle Ulveseth og Sturle Minde i Ulveseth og Signalen beitelag.

Villsauen gjer jobben
Sentralt plassert i kjerneområdet for landbruk i Fjell, disponerer dei åtte medlemmane i beitelaget til saman over 2000 mål utmark. Skulle dei sjølv ha stått for vedlikehaldet av kulturlandskapet, ville dei ha kjempa ein håplaus kamp mot naturen. No gjer villsauen jobben i staden.

Den vesle, hardføre sauerasen har lyng og brakje som favorittmat, og gjer ein uvurderleg jobb for å hindra at kystlyngheia gror att. Ved å halda vegetasjonen under kontroll, bidreg villsauen samstundes til å hindra at nye storbrannar får utvikla seg.

Gourmetkjøt
Kosthaldet til villsauen har ein dobbelt funksjon. Som ein ekstra bonus, for bonden og for oss som elskar villsaukjøt, får det magre, men svakt marmorerte kjøtet ein tydeleg smak av lyng og brakje.

Slik har den lokale slakteriverksemda Strilalam fått grunnlag for å etablera ein lokal nisjemarknad for gourmet villsaukjøt, med noko høgare pris enn om dei hadde levert til eit anna slakteri, fortel Sturle Minde som er partnar i Strilalam.

Les: Kortreist matmarknad

”Inn på tunet” er ein del av innovasjonsarbeidet i moderne kystlandbruk. Kenneth André Uthaug Snarberg (tv) stortrivst når han får vera med Sturle Minde og fôra sauene.

Overbygd fôringsplass
I vintermånadane, frå jul og utover, kan det verta knapt med fôr for utegangarsauen, særleg i snørike vintre.

For to år sidan fekk beitelaget tilskot frå fylkesmannen i Hordaland til å laga ein overbygd fôringsplass, med plass til 200 sau og lagringsplass for høy.

– Sauene får ikkje verta for magre om vinteren. Dette er den tida då sauen ber fram lam, slik at dei treng ha grunnlag for mjølkeproduksjon. Utfordringa vert å fôra akkurat rett, slik at dyra et opp all maten, seier Minde.

Fôringsplassen er eit alternativ til fjøs. Villsauen tilbring heile året utandørs, sjølv lemminga skjer ute. Med tanke på det ustabile og ofte kalde og våte vårveret på Sotra, sørgjer bøndene likevel for å utsetja lemminga til april/mai.

Villsauen klarar seg heilt utan kraftfôr, og produserer difor noko av det mest klimavenlege kjøtet du kan eta.

Sturle Minde har det daglege ansvaret for drifta av fôringsplassen. Her legg han ut tørrhøy på fôrbrettet. Foringsbrettet er praktisk å arbeida på, men det er for breidt til at sauene klarar få i seg alt tørrhøyet.

Forsøksprosjekt
Fôringsplassen på Ulveseth er ein av fem forsøksprosjekt i Hordaland, ein av tre for sau.

Minde og Ulveseth har berre godlåt om erfaringane med fôringsplassen som no skal evaluerast.

Framleis oppdagar dei små detaljar som trengs endrast på. Fôringsplassen består av ei betongplate med overbygd tak, og eit langsgåande fôringsbrett. Fôringsbrettet er for breidt til at sauene klarar få i seg all maten. Sørveggen kunne ha gjeve meir livd for vind og regn, og dreneringa av bakken utanfor kunne ha vore betre, har dei kome fram til.

Samla kostnad for denne delen av forsøksprosjektet var 154.000 kroner. Fylkesmannen tok halve rekninga.

På denne videoen kan du få med deg fleire detaljar om den overbygde fôringsplassen for villsau.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s