Fryktar folkeopprør i Sund og Øygarden

Regjeringa og fylkesmannen sin sentraliseringsiver kan føra til folkeopprør i Sund og Øygarden, fryktar ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell og eigedomsutviklar Roy-Eddy Lie i Liegruppen aS forsvarar planen om Sotra Kystby, men er skeptisk til ei altfor sterk sentralisering i Straume-området.

”Tvangsstrilisering” eller ikkje? ”Alle” ønskjer å bu i sentrum. Korleis kan Bergen få plass til alle som ønskjer å bu der, på ein slik måte at alle som vil, får råd?

Temaet var den raude tråden for Bergenskonferansen 2018. Konferansen samla kremen av ”landsbyplanleggjarar” frå Oslo og Trondheim i tillegg til dei meir lokale. Arrangørar var OBOS, Eiendomsmegler Vest, Opus, pwc og Bergen Næringsråd.

Sotra Kystby
Byutvikling er eit tema med mange innfallsvinklar. Frå Fjell var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og eigedomsutviklar Roy-Eddy Lie i Liegruppen AS henta inn for å nyansera fortettingsdebatten mellom dei sju fjell.

– Når vi er inviterte hit, trur eg det er fordi dei har lagt merkje til kva vi har gjort med Sotra Kystby, og at dei synes det er spanande, seier Sandahl Bjorøy til nettavisa Tunnelsyn.no.

Dekkar etterspørselen
I Fjell er bustadmarknaden ganske annleis. Det er for tida heile 275 bustadar til sals i kommunen, ifølgje finn.no. Fleire større bustadprosjekt er trekt av marknaden siste månadane, etter det nettavisa Tunnelsyn.no kjenner til.

Les: Er det nokon som snakkar om bustadboble?

Fjell-ordføraren har likevel ingen problem med å stå fast på kommuneplanen sin intensjon om å invitera innbyggjarar på 60+ til å selja einebustaden og flytta i leilighet i Straume sentrum, slik at barnefamiliar kan innta hagane.

– Tilbodet på Straume er stort nok for marknaden. Omlegginga av bustadpolitikken siste åra har så langt berre har utløyst flytting internt i kommunen, seier Roy-Eddy Lie.

Eigedomsutviklaren i Liegruppen er meir tvisynt til sentraliseringa. Personleg føretrekkjer han å bu landleg. Som eigedomsutviklar forheld han seg til dei rammebetingelsane som den offentlege bustadpolitikken set.

Problem for kommunesamanslåinga
Det verken fylkesmannen eller regjeringa har føresett, er dei problema det statlege sentraliseringspresset skapar i samband med kommunesamanslåinga, åtvara Sandahl Bjorøy dei kring 250 konferansedeltakarane med statssekretær Bjørnar Laabak (FrP) i spissen.

– Intensjonsavtalen for Nye Øygarden slår fast at vi skal ta heile kommunen i bruk. Hadde eg budd i Sund eller Øygarden, hadde eg vore alvorleg bekymra over dei overordna føringane om at alt skal skje på Straume, seier Sandahl Bjorøy og nemner særleg planane for samording av areal- og transportpolitikken.

Les: Ordføraropprør mot sentraliseringa

– Planane om regionsenter og kommunedelsentre er ein ting. Utanom det får sundsokningane og øygardsstrilane no nei på det meste, har Fjell-ordføraren konstatert.

– Eg fryktar eit folkeopprør etterkvart som det går opp for innbyggjarane i Sund og Øygarden kva sentraliseringspolitikken vil innebera i samband med kommunesamanslåinga, seier Bjorøy.

Andrevalet for tilflyttarane?
-Strilifisering? Arrangørane sitt forsøk på språkleg humor vart lunkent motteke vestom Sotrabrua.

Skal Nye Øygarden måtta ta til takke med nye innbyggjarar som eigentleg ønskjer å bu i Bergen?

– Arrangørane snur problemstillinga på hovudet. Fjell og dei andre omeignkommunane er blitt så attraktive at det har blitt eit problem for Bergen, hevdar varaordførar Tom Georg Indrevik i Fjell.

”Sentrum”?
Århus, nest folkerikaste byen i Danmark, vart framheva som forbilde på ein attraktiv by som verkeleg har fått til dette med vekst. Her har dei 20 prosent fleire innbyggjarar enn i Bergen, på eit areal som er 20 prosent mindre, fortalde byutviklar Rune Kilden.

Konvertering av kontainerhavna, store industriområde og den tidlegare busstasjonen til ekstremt kompakte bu- og arbeidsområde midt i sentrum, er viktigaste årsaka til veksten i Århus.

Tvangssterilisering?
Vår lokale fortettingspolitikk, med utbygging av bustadar i tilknyting til handlesentrene i bydelane, får den joviale dansken til å rista på hovudet. Ei slik utbygging vil ikkje skapa byar som folk vil oppfatta som interessante nok til å bu i, skal vi tru den danske byutviklaren.

– I Århus snakkar vi om fortetting i sentrum. De snakkar om fortetting på strekninga Sentrum – Flesland. Eit slikt sentrum vert altfor stort til å verta interessant, hevda Kilden.

Arrangørane sitt forsøk på lokal språkleg humor fall flatt til jorda hos dansken:

– Tvangssterilisering er eit godt ord for den situasjonen de har skapt. Kor er visjonane for ulike brukergrupper? De må sjå dei høge tomteprisane i Bergen sentrum som verdiar som skapar mogelegheitar, og så kan de heller krevja noko tilbake frå utbyggjarane, hevda byutviklar Rune Kilden frå Århus.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.