Klimatiltak: Fjellsokningane må byrja med oss sjølv

Behovet for å redusera den globale oppvarminga kan få uventa utslag. Kan Fjell verta ein nasjonal spydspiss når det gjeld klimatiltak?

På Vestlandet må vi rekna med at det vert enno våtare, og enno mindre snø om vinteren. Samstundes må vi ta høgde for at havet vil byrja stiga, førebur maringeolog Kikki Kleiven oss på dei komande klimaendringane.

”Korleis handtera det uungåelege?”, var tittel på møtet på Fjell folkeboksamling i går kveld. Eit 30-tals personar møtte for å høyra maringeolog Kikki Kleiven frå UiB fortelja om dei pågåande klimaendringane, betydninga av å nå Parisavtalen sitt mål om å begrensa den globale oppvarminga til 2 grader Celsius, og korleis klimaendringane vil påverka oss.

Lokalt perspektiv
Norge er det landet i verda som ser ut til å sleppa heldigast unna klimaendringane, ifølgje Kleiven. Det, og at vi bur eit lite land, bør likevel ikkje vera noko unnskulding for å la vera å handla.

– Kommunen, næringslivet og innbyggjarane i Fjell kan alle gjera noko for å bidra til å nå måla i Parisavtalen, understreka Kleiven.

Plastkvalen
– Alle må ta inn over seg denne problematikken. Sidan det skjer så sakte, er det vanskeleg å mobilisera, men det er mogeleg, hevda Kenneth Bruvik.

Miljø- og fiskeentusiasten sat i panelet saman med ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og viseadministrerande Christian Valdes Carter i CCB AS.

Det skjer skremmande ting ute i verda. Her heime utløyste ”plastkvalen” som enda sine dagar i fjæresteinane på Vindenes, ein nasjonal plastrydde-dugnad, minna Bruvik om.

Det er ikkje plasten i seg sjølv, men kva vi gjer med han etter bruk som er avgjerande. Kjeldesortering kan vera ein god stad å byrja for den einskilde fjellsokningen.

Plastkvalen har sett Fjell på det nasjonale miljøkartet. Dette må vi følgja opp, var det fleire i salen som tok til orde for.

Klimatiltak er naudsynd, er miljøaktivisten Kenneth Bruvik (th), viseadministrerande Christan Valdes Carter i CCB AS og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy samde om.

Konsolidera basestrukturen?
På offshorebasen på Ågotnes har dei levd godt av olja. Olje- og gass står for mykje av CO2-utsleppa, medgav Christian Valdes Carter.

– Basen er no inne i ein positiv trend når det gjeld å få eit meir miljøvenleg fotavtrykk, hevda viseadminstrerande i CCB AS. Olje- og gass, og særleg subsea-verksemdene, på basen sit på ein kompetanse som no vert overført til andre næringar, og då først og fremst til havbruk.

Les: Havbruk utfordrar subsea

For CCB AS representerer utviklinga først og fremst fleire føter å stå på, men tiltaka må også vera lønsame, understreka Valdes Carter.

CCB og eigarselskapet NorSea Group AS har ein vidstrakt infrastruktur og eig ei rekkje offshorebasar langs Norskekysten. Få ting genererer like store CO2-utslepp som transport. Verksemda ser no på om det er mogeleg å konsolidera baseverksemda på ein måte som vil redusera transportbehovet og gje auka inntening, seier Valdes Carter.

Arealforvaltning
Fjell kommune har ikkje så mykje å skryta av når det gjeld klimatiltak, måtte Fjell-ordføraren medgje.

Klimatilpassing er eit tema kommunestyrepolitikarane treng meir kunnskap om. Arealforvaltninga kan vera ein stad å starta. Å begrensa bygging i strandsona, og å unngå bygging i rasutsette fjellsider kan vera aktuelle tiltak som bør vurderast, sa Sandahl Bjorøy.

Kommunedelplanen for energi, miljø og klima som no er under arbeid vil føreslå konkrete klimatiltak, lovar Sandahl Bjorøy.

Les: Kommunane får større ansvar for naturskader

Betre kollektivtilbod, også til bygdene, båtrute til Bergen og høve til å betala på innfartsparkeringane kan vera aktuelle tiltak.

Ei sakte utvikling
Aukande utslepp av CO2 til atmosfæren gjennom mange år bidreg til ei gradvis heving av den globale temperaturen. Klimaendringane kjem. Det som no skjer er ikkje noko som kan forklarast med naturlege variasjonar. Framleis går utviklinga sakte, seier Kleiven.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.