Rekordstor gasseksport

Kollsnes og Gassco sette ny rekord i eksporten av norsk gass til utlandet i fjor.

Gasseksporten frå Kollsnes til Europa auka med 12,7 prosent i 2017. (Foto: Øyvind Sæthre/Gassco.)

40 år etter at kranane først vart opna for eksport av norsk gass til utlandet, nådde dei norske gassleveransane eit rekordhøgt volum på heile 117,4 milliardar standard kubikkmeter i 2017, melder Gassco i ei pressemelding.

Heile 47,1 milliardar standard kubikkmeter gass vart levert frå Gassco sitt anlegg på Kollsnes. Det er ein auke på 12,7 prosent samanlikna med i 2016.

– At norsk gasseksport til Europa set ein så klar rekord etter 40 år, viser at norsk gass spelar ei nøkkelrolle for europeisk energiforsyning. Norsk gass dekkar i dag  fjerdedelen av gassforbruken i Europa, seier Frode Leversund, administrerande direktør i Gassco.

Gassco er operatør for den norske gassinfrastrukturen, inkludert rørledninger, prosessanlegg i Norge og mottaksterminaler i Tyskland, Belgia, Frankrike og Storbritannia. Eit røyrleidningsnett på til saman 8800 kilometer.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s