Dette er bilane strilane vil ha

Nybilsalet i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy gjorde eit kjempehopp i fjor.

Størst var utslaget for Tesla, som vart den nest mest selde bilen vest for Bergen i 2017.

Tesla vart det nest mest selde bilmerkjet i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy i fjor, såvidt slått av Volkswagen.

Etter nokre halvår med stagnasjon i bilsalet, fann innbyggjarane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy i andre halvår i fjor ut at no har dei utsett nybilkjøpet lenge nok. Totalt kjøpte vi 1.631 nye bilar i fjor. Det er 129 fleire enn i 2016, ein auke på 8,6 prosent, ifølgje tal Opplysningsrådet for Biltrafikken har utarbeida for nettavisa Tunnelsyn.

Les: Strilane utset nybilkjøpet

Kjøpsiveren i kommunane vest for Bergen var vesentleg større enn i resten av landet. På landsbasis auka nybilsalet med beskjedne 2,6 prosent.

Mest populær
Volkswagen toppar framleis lista over dei mest populære bilmerkja i dei fire kommunane. 230 selde VW er 73 likevel færre enn i 2016, og inneber ein marknadsandel på 14,1 prosent.

Den tyske bilprodusenten vart alvorleg utfordra på målstreken av Tesla. Totalt vart det seld 227 av den sporty, amerikanskbygde elbilen i fjor, heile 195 fleire enn i 2016.

Eit breidt spekter av hybridmodellar sikra Toyota tredjeplassen på oversikten, med 200 selde bilar.

Halvparten elbilar
Salstala avslører at bilkjøparane vest for Bergen førebur seg på nye bompengeringar. Heile 804 av nybilane i fjor, eller 49,3 prosent, går på elektrisitet. Også her ligg vi skyhøgt over resten av landet, der berre kvar femte nye personbil går på straum.

Les: Bompengekart for Sotrastrilar

Av elbilane er det Tesla som klart toppar salsoversikten, med ein marknadsandel på 28,2 prosent. 168 elektriske VW var 39 færre enn i 2016, og inneber en marknadsandel på 20,9 prosent.

Ei mager trøyst for VW er det kan hende at salet av Nissan Leaf sank enno meir. Marknadsandelen for den lenge nær einerådande elbilen på marknaden hadde i fjor sunke til 15 prosent.

Bruktimport
Tek vi med salet av bruktimporterte bilar, enda totaltalet av nyregistrerte bilar i kommunane vest for Bergen på 2.283, ein auke på 15,2 prosent samanlikna med året før.

Fleirtalet av dei bruktimporterte bilane er elektriske. Her toppar Nissan Leaf oversikten, med 183 av totalt 424 bilar. Kia Soul EV kom på andreplass med 140 bilar, og Volkswagen Golf på tredjeplass.

Dei ti mest selde nybilmerkjene i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy i 2017, uansett drivstoff.

Merkje

Volkswagen

2016

303

Marknadsandel

20,2 %

2017

230

Marknadsandel

14,1 %

Tesla 32 2,1 % 227 13,9 %
Toyota 159 10,6 % 200 12,3 %
Nissan 176 11,7 % 133 8,2 %
BMW 103 6,9 % 123 7,5 %
Hyundai 62 4,1 % 111 6,8 %
Volvo 79 5,3 % 93 5,7 %
Mercedes-Benz 87 5,8 % 86 5,3 %
Kia 77 5,1 % 81 5,0 %
Skoda 35 2,3 % 47 2,9 %
Mazda 64 4,3 % 44 2,7 %
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.