Frikjent for korrupsjon – får kritikk for uprofesjonalitet

Deloitte frikjenner Fjell kommune og kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal for skuldingane om korrupsjon og kameraderi i Bjelland-saka. Både kommunen og kommuneadvokaten får likevel kritikk for å ha opptrådt uprofesjonelt.

Deloitte sin granskingsrapport i Bjelland-saka er no offentleg.

Frank Bjelland har kjempa ein mangeårig kamp mot Fjell kommune om fastsetjinga av grensemerkja for eigedomen hans på Anglevik. Sist vår varsla han om at tilsette i kommunen skal ha gjort seg skuldige i korrupsjon/kameraderi i samband med handteringa av saka.

Les: Hyrer ekstern korrupsjonsgranskar

Offentleg rapport
Det er konsulentverksemda Deloitte som har granska varselet etter oppdrag frå Fjell kommune. I arbeidet har dei gjennomgått 2.000 dokumentsider. I tillegg har dei gjennomført åtte intervju med varslar, tilsette i kommunen, naboar og andre involverte, ifølgje rapporten som oppsummerer arbeidet.

Rapporten vart lagt fram for Kontrollutvalet i Fjell like før jul, og er no offentleg, ifølgje kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal i Fjell.

Bjørndal tok sjølv kontakt med nettavisa Tunnelsyn for å få tilbakevist det han ser som belastande påstandar mot sin person om korrupsjon.

Avviser kameraderi og korrupsjon
”Kameraderi” er eit ord som kan tolkast vidt. ”Korrupsjon” er ei handling som vert omfatta av straffelova, og terskelen for å kunna straffa nokon for korrupsjon er høg, ifølgje Deloitte.

– Etter gjennomgang av dokument, gjennomføring av intervju og undersøkingar av relasjonar mellom varslar, berørte partar og tilsette i kommunen, har Deloitte ikkje funne grunnlag som kan støtta opp under påstandar om tilhøve knytta til korrupsjon og kameraderi i kommunen i samband med kommunen si oppmåling av grensene til varslaren sin eigedom i 1991 eller ved den etterfølgjande sakshandsaminga og oppmålinga, konkluderer rapporten.

Halve rapporten
Omsynet til innbyggjarane sin tillitt til offentleg forvaltning tilseier at det vert stilt strenge krav til dei som utøver offentleg mynde. Fjell kommune slepp i granskingsrapporten ikkje unna kritikk for måten dei har handtert Bjelland-saka på.

Saka Kontrollutvalet behandla 19. desember konsentrerte seg likevel om frikjenninga frå skuldingane om korrupsjon og kameraderi.

Den samtidige kritikken frå Deloitte mot Fjell kommune og mot kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal, måtte medlemmane i det politisk nedsette utvalet eventuelt lesa seg til sjølv i den vedlagte rapporten.

Negativ kommunikasjon
I følgje Deloitte si vurdering har Fjell kommune sin kommunikasjon ovanfor varslar bidrege til å auka konfliktnivået.

Bjelland har gjentekne gongar hevda at kommunen freista dekka over sakshandsamingsfeil. Han har også skulda kommunen for å fara med løgn.

Bjelland sine påstandar har rot mellom anna i opplevinga av negativ kommunikasjon med kommunen, konkluderer Deloitte.

Uprofesjonell
– Det er Deloitte si vurdering at kommunen ved fleire høve ikkje ivaretek den naudsynte profesjonaliteten som ein kommune burde utvisa i ei slik sak, står det å lesa i granskingsrapporten.

Som eksempel på at Bjelland ikkje alltid har blitt møtte med den respekten ein innbyggjar i Fjell kommune fortenar, nemner Deloitte fleire døme:

I møtereferat Deloitte har fått tilsendt, vert møter med varslar omtalt som vekkasta tid. Kommunen har i brev føreteke eigne vurderingar av varslaren sine motiv. Dei har og sendt epost mellom anna til kommunestyret, innehaldande eigen initiert negativ informasjon om varslar, og påstandar om omgangskrinsen hans.

Braut varslingsrutinane
Både Fjell kommune og kommuneadvokaten burde ha opptrådt annleis i varslingssaka, ifølgje Deloitte.

Sidan kommuneadvokaten vart omfatta av varselet, finn Deloitte det svært kritikkverdig at kommuneadvokaten ikkje overlet til kommunen å handtera saka i samsvar med kommunen sine eigne varslingsrutinar.

Kommunen burde ha friteke kommuneadvokaten frå arbeidet samstundes som den eksterne undersøkinga vart gjennomført.

– Sjølv etter at Varslingssekretariatet har vedteke å gjennomføra ei ekstern undersøking av påstandane i varselet, sender kommunen svar på varslaren si henvending underteikna av kommuneadvokaten, kritiserer Deloitte.

Kommuneadvokaten får og kritikk for å ha teke initiativ til privat korrespondanse med Bjelland. Ikkje berre bestreid han påstandane om korrupsjon, han framsette og krav om sivilt søksmål med krav om at varslaren skulle trekkja påstandane.

Utanfor mandat
Den føreliggjande granskingsrapporten omfattar Fjell kommune si handtering av klagesakene frå Bjelland. Deloitte har ikkje hatt mandat til å granska måten dei opphavelege oppmålingssakene vart gjennomført på.

Du kan lasta ned Deloitte sin granskingsrapport her

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.