Foreslår tak på VA-gebyret

Gjennomfører Askøy den vedtekne VA-planen, vil Asketappane måtta betala inntil 30.000 kroner i årleg avgift på vatn og avløp – tre gonar så mykje som i dag. No føreslår rådmann Eystein Venneslan i staden å utarbeida ein ny og mindre ambisiøs VA-plan.

15.000 kroner er det meste Askøy kommune bør påleggja innbyggjarane å betala i årleg VA-gebyr, tenkjer rådmann Eystein Venneslan.

Den vedtekne VA-planen i Askøy er frå 2013 og legg opp til samla investeringar i utbygging av infrastruktur, damanlegg og primærreinseanlegg på inntil 3,8 milliardar kroner innan 2027, framkjem det av saksdokumenta til gårsdagens informasjonsmøte for det utvida formannskapet og andre interesserte.

Maksgrense
Vatn og avløp er kommunale tenester som vert finansiert gjennom sjølvkost. Innbyggjarane betaler det utbygginga kostar. For Askøy sitt vedkomande vil ei realisering av den vedtekne planen innebera at innbyggjarane vil måtta ut med heile 30.000 kroner i årleg VA-avgift. Ei tredobling samanlikna med dagens nivå, har rådmann Eystein Vennesland rekna ut.

Maksgrensa for kva Asketappane sin økonomi vil tola utgjer kring 15.000 kroner i årleg avgift, tenkjer Venneslan.

Sjølv om kommunen innfører eit tak på VA-gebyret på 15.000 kroner, vil det innebera ein konstnadsauke på 50 prosent samanlikna med dagens nivå. Alt i dag har Askøy det høgaste offentlege avgiftsnivået i region Vest.

Les: Her er det rimelegast å bu

Ny VA-plan
I formannskapet presenterte Venneslan ei konseptvalutgreiing (KVU) med forslag til ein ny VA-plan for kommunen.

KVU-en stiller fire overordna krav som den nye VA-planen må tilfredstilla. Det føreslegne kostnadstaket p å15.000 kroner i årleg gebyr er eitt av krava.

Nok drikkevatn med god hygienisk kvalitet, nok reservevatn i tilfelle langvarig tørke og primærreinsing av avløpsvatn frå søre Askøy er dei tre andre krava.

Vatn frå Bergen?
Krava kan oppfyllast ved at ein hentar reservevatn frå Bergen, og byggjer fire mindre, lokale reinseanlegg i staden for eitt stort, felles primærreinseanlegg for heile søre Askøy, konkluderer Multiconsult, som har utarbeida KVU-en på vegne av kommunen.

Umoden plan
Dei politiske tilbakemeldingane på rådmannen sitt forslag er delte.

Roald Stenseide (FrP) reagerte på at rådmannen hadde utgreidd alternativ som kommunestyret ikkje har vedteke. Ein KVU kostar mykje pengar, og pengar er ikkje akkurat noko Askøy har for mykje av.

Sjølv om KVU-en er omfattande, er det framleis mykje politikarane ikkje har fått svar på, og som må utgreiast nærare før politikarane er klare til å behandla forslaget, innvende varaordførar Bård Espelid.

Ikkje berre rør
Kostnaden med eit samarbeid med Bergen om reservevatn er ein av dei detaljane som ikkje er utgreidd. Her vert det ikkje berre snakk om leidningar, det må også takast høgde for vassavgift.

Endringar i resipient-tilhøva i Byfjorden er og noko ein må ta høgde for. For få år sidan var Byfjorden vurdert å vera ein resipient som tolte å motta store mengder avløpsvatn utan at forureininga vart merkbar. I dag veit ein at det slett ikkje er tilfelle.

Rosalind Fosse (FrP) var meir bekymra for korvidt rådmannen sitt forslag vil føra til forseinkingar for dei som har planar om utbygging på nordre Askøy.

Kostnadssprekk
Den noverande VA-planen vart vedteken i ei tid med grenselaus tru på folkevekst, og med sterkt press frå fylkesmannen i Hordaland om å få på plass primærreinsing av avløpsvatn i samsvar med nye EU-krav.

– Kostnadssprekken i Bergen har fått fylkesmannen til å tenkja annleis. Dei ser at også Askøy kan få problem med å gjennomføra planane, seier rådgjevar Anton Bøe i Askøy kommune.

Dei første negative overraskingane har Asketappane for lengst oppdaga. Utbygginga av hovudvassforsyninga Askevann har gått på ein skikkelig kostnadssprekk. Sluttrekninga ser ut til å enda kring 85 millionar, nær tre gongar så mykje som føresett.

Les: Vassverkbudsjett på leirgrunn

Les: Askøypolitikarar samla bak krav om gransking av VA-investeringar

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.