Vi lever av havet

Havnæringane gjev arbeid til nær 4.000 personar i kommunane vest for Bergen. Samla omsetning er på 20 milliardar kroner.

Det er i havnæringane største verdiskapinga skjer. Olje og gass, fiske og havbruk, skipsfart og fornybar energi er havnæringane kommunane vest for Bergen – og resten av Vestlandet – lever av.

I tilfelle noko skulle vera i tvil: Strilane vest for Bergen lever av havet, framleis.

Oppdrett og fiske, skipsfart, olje og gass og fornybar energi konsentrerer seg alle om hav eller vatn. Til saman omsette verksemder innan marin, maritim og energinæringa i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy for oppunder 20 milliardar kroner i 2016.

Les: Fisk slo olje – dette er dei største verksemdene

Les: …og desse tente mest

Synleggjera verdiskapinga
Dette framkjem av tal nettavisa Tunnelsyn har fått tilgang på frå Hordaland fylkeskommune. Tala inngår i analysegrunnlaget i ein rapport om hjørnesteinsnæringane på Vestlandet som vil verta offentleggjort seinare i vår.

– Vi må synleggjera verdiskapinga der ho skjer, seier spesialrådgjevar Lasse Hansen i Hordaland fylkeskommune.

Havnæringane i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden omsette for 20 milliardar kroner i 2016. Grafen viser bransjevis fordeling av inntektene.

4.000 tilsette
Havnæringane sysselsette til saman oppunder 4.000 personar, fordelt på nærare 800 verksemder, i dei fire kommunane.

Olje og gass var klart største næringa, også i kriseåret 2016. Samla inntekt for verksemdene utgjorde 11,1 milliardar kroner – nær dobbelt så mykje som omsetnaden innan fiskeri og havbruk. Maritime verksemder omsette til samanlikning berre for 1,4 milliardar kroner.

Olje og gass
2.200 strilar henta inntekta si frå olje og gass. 880 lever av fiske og havbruk, medan 660 personar lever av aktivitetar knytta til skipsfart.

Samla lønskostnadar i dei nær 800 verksemdene utgjorde vel 3 milliardar kroner, tilsvarande 750.000 kroner i snitt per årsverk.

Askøy på topp
Aktivitetar relatert til havet gjev grunnlag for stadige nyetableringar. Overraskande mange overlever dei kritiske tre første åra.

Askøy på topp på Vestlandet. Fjell på botn. Langt større andel av dei nye verksemdene i Askøy overlever dei kritiske tre første åra enn tilfellet er i Fjell.

Når det gjeld overleving, er det store forskjellar kommunane i mellom. Askøy er den kommunen i Hordaland som kjem aller best ut. På Vestlandet vert dei berre så vidt slegne av Kristiansund. Heile 82 prosent av verksemdene som vart etablert i Askøy i 2013, var i drift og hadde omsetnad tre år seinare.

Tilsvarande tal for Fjell var 44 prosent. Av Vestlandskommunane var det berre verksemdene i Randaberg som hadde svakare overlevingsgrad.

For Vestlandet sett under eitt var 63 prosent av alle nyetablerte verksemder i havnæringane i live tre år seinare.

Godt over snittet
Sund og Øygarden hadde for få nyetableringar i dei aktuelle bransjane til at tala for dei einskilde kommunane vert statistisk signifikant. Samlege av dei fire nye havverksemdene i Sund i 2013 kunne imidlertid visa til omsetnad tre år seinare. For Øygarden var andelen seks av ni.

– Både Sund og Øygarden er godt over snittet for Vestlandskommunane, konstanterer Hansen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.