Talet på konkursopningar i kommunane vest for Bergen haldt seg stabilt i fjor.

Om talet på konkursopningar er ein god indikator på aktivitetsnivået i næringslivet, er offshore-kommunane vest for Bergen over det verste.
Totalt 64 verksemdeigarar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy måtte gå den tunge vegen til skifteretten i fjor. Det var ein meir enn året før, ifølgje Føretaksregisteret i Brønnøysund.
I Askøy gjekk talet på konkursopningar ned frå 26 i 2016 til 22 i fjor.
Klart flest konkursar var det i Fjell, heile 36 – ein meir enn i 2016.
Også i Sund og Øygarden vart det meldt inn ein meir konkursopning enn året før.
2017 | 2016 | |
Fjell | 36 | 35 |
Sund | 2 | 1 |
Øygarden | 4 | 3 |
Askøy | 22 | 26 |
Totalt | 64 | 65 |
Advertisements