Fylkestannlegen til lokalmedisinsk senter

Planane om røntgen i det nye lokalmedisinske senteret på Straume er lagt på is. Fylkestannlegen i Hordaland skal i staden flytta inn i lokala.

Fekk napp hos fylkestannhelsa. Rådmann Steinar Nesse, helsesjef Terje Handal og omsorgssjef Line Barmen hadde helst sett at dei fekk røntgen inn i lokala på på Straume.

Det er ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell som seier dette til nettavisa Tunnelsyn.

Leiinga i Fjell har i lengre tid freista henta inn ein tilbydar av røntgen til det nye lokalmedisinske senteret. I dag må Sotrastrilar til Bergen ved mistanke om arm- eller beinbrot.

Les: Kjempar for røntgen og høyresentral

Lagt på is
– Planane om røntgen på Straume er lagt på is. I alle fall inntil vidare, seier Sandahl Bjorøy.

-Det er Helse Vest som har vendt tommelen ned for planen om røntgen. Dei meinar folkegrunnlaget for ei slik teneste er for lite her ute, beklagar Sandahl Bjorøy.

Flyttar frå Ågotnes
Men dei 700 kvadratmeter store lokala vert ikkje ståande tomme. Når det nye lokalmedisisnek senteret vart teke i bruk våren 2019, vil Fylkestannhelsa i Hordaland oppta halvparten av arealet, seier Marianne Sandahl Bjorøy.

Fylkestannhelsetenesta held i dag til på Ågotnes, men fylkestinget har vedteke at tenesta skal flyttast til Straume.

 

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.