Store planar i Straumeområdet

Risikovillige investorar satsar tungt på storutbyggingar på Straume og nordre delen av Litle Sotra.

Regionens Hus er neste prosjekt for dagleg leiar Ernst Morten Einarsen i Sartor Holding. Klarar leiaren for Komite for drift og forvaltning i Fjell å selja prosjektet inn til dei øvrige medlemmane i kommunestyret?

Mellom dei 47 nye verksemdene med adresse Fjell som vart registrert i Foretaksregisteret i Brønnsøysund i siste kvartal i 2017, finn vi to med store planar for utvikling i Straumeområdet.

Les: 47 nye verksemder i Fjell

Etter å ha henta kapital frå Thon i samband med utbygginga av Sartor Storsenter, og å ha lagt planane om hotell på Straume på is, finn gründarane bak Sartor Holding AS tida moden til å testa grunnen for eit anna storstilt prosjekt i tilknyting til Sartor Storsenter.

Les: Kjøpesentergründere har laga gullgruve på Straume

Regionens Hus er tenkt å verta Einarsen- og Rennedalfamiliane sitt sokalla signalbygg midt i indrefileten i Straume sentrum. Her håpar dei å få samla mest mogeleg av offentleg forvaltning, både på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå under sitt tak.

Formelt er det Astrid Aag og Silje Sture, henhaldsvis økonomisjef og assisterande eigedomssjef i Sartor Holding AS, som står bak den nystifta verksemda Regionens Hus AS som vart registrert 4. desember i fjor.

I pakt med vanleg praksis i Sartor Holding, har den nye verksemda fått ein beskjeden startkapital på 100.000 kroner.

Tomteområde
Litt lenger nord på Litle Sotra har ei rekkje lokale grunneigarar gått saman om å danna Foldnesmarka AS, med føremål å utvikla sentrale delar av det siste større urørte myrområdet på Litle Sotra til tomteområde.

Les: Opplev Foldnesmarka

Å få utarbeida ein kommunedelplan for nordre delen av Litle Sotra vert første målet. Eit arbeid der dei må samarbeida mellom anna med Vestbo AS og Våge Tomteselskap AS.

Saman boltrar verksemdene seg i eit område med plass til fleire 10.000 bustadar, og næringsverksemd.

Å få på plass kommunedelplanen i samsvar med eigne ambisjonar kan verta kostnadskrevjande. Gründarane bak Foldnesmarka AS har utstyrt det nye eigedomsselskapet med 713.284 kroner i startkapital.

Bak denne verksemda står Nils Kåre Foldnes, saman med mellom anna Anne-Liv Foldnes Bjørsvik, Lars Paul Foldnes, Alf Magne Foldnes, Oddvar Foldnes, Vidar Foldnes og Inge Mikal Straume.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s