Er du ein av dei som må få ny adresse?

Bur du i Dalen eller Nesvegen, eller har du ei anna adresse som det finst i fleire av kommunane her vest?

I så fall risikerer du å få ny adresse når Nye Øygarden vert ein realitet. Bur du i Øygarden eller Sund, vil du uansett få nytt gardsnummer i matrikkelen.

Fagrebakken i Fjell har berre to fastbuande. Dei kan snart få Arefjordvegen som ny adresse.

Stadnamna er eindel av identiteten vår. Mange har sterke kjensler når det gjeld lokale adressenamn. Det hindrar likevel ikkje Fellesnemnda frå å freista samordna adressenamna i Fjell, Sund og Øygarden.

Fleire stadar i dei tre kommunane har like eller liknande namn. Det gjeld til dømes Dalen, som finst både i Fjell og Sund. Fagerbakken ligg i Øygarden, Fagrebakken derimot, finn du i Fjell. Likeins med Nesvegen. Denne adressa finn du både i Fjell og i Øygarden. I Øygarden finn du dessutan Nesevegen.

Unngå mistydingar
Slikt vert det lett mistydingar av. For å sikra at naudetatane og offentlege tenesteleverandørar kjem fram til rett adresse i den nye kommunen, har Fellesnemnda sett i gang eit arbeid med å samordna adressene i dei tre kommunane.

Dei som bur i vegar med like eller tilnærma like namn risikerer å måtte endra adressa.

Kor mange adresser det er snakk om, og kor mange innbyggjarar som vil måtta få ny adresse, er førebels usikkert. Arbeidet kan verta omfattande, fryktar prosjektleiar Paul Manger i Fellesnemnda.

Prioriteringar
Færrast mogeleg skal verta omfatta av adresseendringane, har politikarane i Fellesnemnda vedteke.

Vegar eller adresser med mange bustadar skal difor prioriterast. Innbyggjarar med liknande adresser med få bustadar vil måtta skifta adresse, ifølgje dei vedteken retningslinjene for arbeidet.

Likeeins skal adresser med tilknyting til gamle gardsnamn eller stadnamn prioriterast. Det gjeld og adresser som vert nytta av mange.

Adresser med Søre og Nordre, skal som hovudregel høyra saman.

Små, korte vegar som i dag har eige vegnamn, skal så langt det lar seg gjera omadresserast til tilstøytande veg, har Fellesnemnda vedteke.

Medverknad
For å sikra medverknad i prosessen, skal Fellesnemnda få administrasjonen sitt framlegg til namneendringar presentert som ei ny sak. Deretter skal framlegget ut på høyring, slik at innbyggjarar, verksemder og ulike offentlege instansar kan få leggja fram med sine synspunkt før dei nye adressene vert endeleg vedtekne.

Matrikkelen
Bur du i Sund eller Øgarden vil du uansett få nytt gardsnummer i matrikkelen.

Fjell, Sund og Øygarden har i dag sine eigne sett av gards- og bruksnummer. Saman med kommunenummeret sikrar dette at kvar eigedom i landet har ein unik identitet.
I alle dei tre kommunane startar gardsnummera med gardsnummer 1. For å ivareta den unike identiteten til eigedomane i den nye kommunen, må ein må difor ein samordna gardsnummera, i eitt felles system.

Ved samanslåinga vil eigedomar i Fjell behalda dagens gardsnummer. Eigedomar i Sund vil få ein ny nummerserie, som startar med 101, istaden for det som i dag er gardsnummer 1. I Øygarden vil gardsnummera starta med 201. Bruksnummera vil ikkje verta endra, ifølgje vedtaket i Fellesnemnda som vart gjort etter ei tilråding frå Statens Kartverk.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.