– Kommunen bør vera byggherre for Regionens Hus

Regionens Hus bør byggjast på McDonalds-tomten, eller på det nye området kommunen får fristilt i tilknyting til Stovevatnet i samband med bygginga av nye Sotrasambandet.

Her, i dette området på Straume bør Regionens Hus koma, hevdar Kjell Rune Garlid i SotraLista.

Eit Regionens Hus på Straume bør samla flest mogelege kommunale, fylkeskommunale og statlege tenester under eitt tak, og ha innfartsparkering i kjellaren, hevdar Kjell Rune Garlid (SotraLista).

– Regionens Hus bør koma på ein tomt kommunen alt eig. Kommunen bør sjølv stå som byggherre, hevdar Garlid.

Les: Store planar i Straumeområdet

Rimelegare over tid
– Det er rimelegare å eiga enn å leiga, hevdar Garlid. Mandag denne veka møtte han som vara i Fellesnemnda for Nye Øygarden då nemnda diskuterte eigarskapsmodellar for den nye kommunen.

Sjølv om kommunal eigarskap vil innebera store investeringar, vil det likevel vera den mest økonomisk gunstige ordninga på lengre sikt, er Garlid overtydd om.

Innfartsparkering
McDonaldstomta, eller det nye området som vert fristilt i tilknyting til Stovevatnet i samband med bygginga av det nye Sotrasambandet, vil vera dei mest aktuelle plasseringane for Regionene Hus, tenkjer SotraListe-representanten.

Ein fordel med McDonaldstomta, er at der vil ein alt i dag kunna koma i gang med bygginga av ei sårt etterlengta innfartsparkering, og så kan sjølve bygget reisast seinare, tenkjer Garlid.

– Fordelen med innfartsparkering på ein tomt Fjell kommune eig, er at tilbodet kan vera gratis, seier Garlid.

Les: No kan du få bot heile døgnet

Kommunalt AS
– Nye Øygarden bør eiga alle bygg sjølv, framfor å leiga. Heile eigedomsmassen bør samlast i eit kommunalt eigedomsselskap organisert som eit aksjeselskap, seier Garlid.

Han støttar dermed opp under den førebelse konklusjonen leiar Atle Dåvøy (KrF) i utval for eigarskapsmodellar mandag presenterte for Fellesnemnda.

Stor leigetakar
Fjell kommune er ein stor leigetakar av lokale i Straumeområdet. Det totale biletet er ikkje klart, men truleg betalar Fjell kommune i dag fleire ti-tals millionar kroner i årleg husleige i området. Pengar som i staden kunna ha gått nedbetaling av kommunal eigedom, seier Garlid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s