Planlegg nytt fergesamband med knutepunkt på nordre Askøy

Mjølkevikvarden på nordre Askøy kan verta knutepunkt i eit nytt ferjesamband over Hjeltefjorden til Meland og over til Øygarden.

Eit tverrsamband frå nordre Askøy til Meland vil korta reisetida til Mongstad for næringslivet på Askøy. Viktigast kanskje, at tungtransporten vil omgå køane i Bergens-området.

Det sokalla Tverrsambandet mellom Meland, Askøy og vidare til Øygarden, har med ujamne mellomrom dukka opp på den politiske agenden. No har det fått ny aktualitet. Denne gongen som eit reint ferjesamband, i første omgang mellom Mjølkevikvarden på nordre Askøy og Meland.

Å forlengja sambandet til Øygarden kan også verta aktuelt.

Les: Satsar på Tverrsambandet

Det er i samband med planlegginga av ein beredskapskai for ferje på Mjølkevikvarden at Askøy kommune ønskjer å oppgradera kaien. Kaien skal også kunna nyttast som eit ordinært ferjeleie for personbiltrafikk, framkjem det av vedtaket i utval for teknikk og miljø denne veka.

120 bilar

MF Trondheim kan ta 125 bilar og er like stor som den Askøy kommune ser for seg skal kunna leggja til ved eit kaianlegg på Mjølvevikvarden – Meland. (Arkivfoto.)

Ei oppgradering av beredskapskaien til å handtera regelmessige anløp med ei mellomstor ferje med plass til 120 personbilar vil berre innebera mindre tilleggskostnadar samanlikna med etablering av ein rein beredskapskai, framkjem det av ei utgreiing Multiconsult har utført på vegne av Askøy kommune.

Etablering av ein biloppstillingsplass og eventuell oppgradering av vegnettet på nordre Askøy er ikkje med i reknestykket.

Kva seier fylkeskommunen?
Askøy og Meland har kome godt i gang med planlegginga av ferjesambandet, sjølv om alle brikkene langt frå har falle på plass, enno, framkjem det av saksgrunnlaget.

Eit avgjerande spørsmål som først må ryddast av vegen, er korvidt Hordaland fylkeskommune vil støtta planlegginga og etableringa av eit slikt ferjesamband som del av fylkesvegnettet.

Over til Øygarden
I så fall kan det vera aktuelt å forlengja ferjesambandet frå Askøy over til Øygarden, ifølgje utvalsvedtaket i Askøy.

Øygarden kommune var i si tid mellom dei som stifta Tverrsambandet AS. Tanken om eit ferjesamband over Hjeltefjorden til Askøy er difor langt frå framand for ordførar Børge Haugetun.

Ordføraren i Øygarden har alt fått ei uformell orientering frå sine kollegaer på andre sida av Hjeltefjorden om planane, fortel han når nettavisa Tunnelsyn tek kontakt og ber han kommentera Askøy sine planar.

Spanande
– Planane på Askøy kan opna spanande mogelegheiter med tanke på å skapa ein attraktiv næringsregion i nordre delen av Hordaland, seier Haugetun.

Eit ferjesamband over Hjeltefjorden til Askøy og vidare til Nordhordland vil først og framst bidra til å få noko av tungtrafikken vekk frå vegnettet og avlasta Sotrasambandet. Det vil også kunna bidra til å gjera det praktisk mogeleg å pendla mellom Øygarden og til dømes Mongstad, noko som ikkje er tilfelle i dag.

Les: Bergen – ein flaskehals

Manglar kai
Det finst ikkje lenger noko fungerande ferjeleie i Øygarden. Ei henvending frå Askøy om eit samarbeid om ferjetrafikk vil difor reisa fleire spørsmål som må avklarast, ifølgje Haugetun.

Lokaliseringa av ferjeleiet på Askøy vil vera avgjerande for kor langt nord i Øygarden eit eventuelt ferjeleie må koma. Rong vil truleg ikkje vera aktuelt. Korvidt det kan vera aktuelt å anleggja eit ferjeleie i tilknyting til ein av industrikaiane lenger nord i kommunen vil avhenga av bruken og kapasiteten til kaianlegga, understrekar han.

– Det er Askøy og omsynet til beredskapsarbeidet der som vil styra planlegginga. I Øygarden vil vi vurdera initiativa deira seriøst, lovar Haugetun.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.