Vil ha vekk na-endinga i øynamn

Stadnamna i Nye Øygarden må skrivast i samsvar med lokale og historisk tradisjonar.

Mange øynamn i Fjell har historisk vore skrivne utan ending. Innbyggjarane på Turøy har korrigert Statens Kartverk.

Det ligg mykje identitetskjensle i eit stadnamn. Å endra adresser i Nye Øygarden er ei meir kompleks oppgåve enn det kan høyrast ut som, hevda ordførar Børge Haugetun i Øygarden då Fellesnemnda tidlegare denne veka drøfta behovet for samordning av adresser i dei tre kommunane.

Les: Er du mellom dei som må få ny adresse?

– Vi må ha respekt for lokale skrivemåtar, oppfordrar Haugetun dei som skal gjera jobben med å samordna adressene i Fjell, Sund og Øygarden.

Øynamna

– Fjell kommune har gjennom Statens Kartvek påtvunge andre sin namnestandard, hevdar ordførar Brøge Haugetun i Øygarden.

Medan arbeidet først er i gang bør ein og ta ein gjennomgang av skrivemåten for namna på øyane i den nye kommunen, oppfordra han.

Øygardsordføraren tenkjer særleg på tilføyinga av na-ending i øynamna i regionen. Rongøyna er ein stavemåte som ikkje er i samsvar med den historiske skrivemåten. Øya har alltid heitt Rongøy, hevdar Haugetun.

– Fjell kommune har gjennom Statens Kartverk påført andre sin namnestandard, hevdar Øygardsordføraren.

Reaksjonar
Men så einkelt er det ikkje. Mange fjellsokningar har også reagert sterkt på å få tilføyd na-endinga på sine øyar.

Inntil for få år sidan vart dei fleste øynamna i Fjell skrivne utan na-ending i offisiell samanhang. Nær sagt over natta opplevde fjellsokningane at heimstaden deira hadde fått nytt namn. Eit namn dei ikkje kjenner noko tilknyting til og som dei er framande for.

Haugetun har blitt kontakta av fleire innbyggjarar i Fjell som ønskjer å få tilbake den historiske skrivemåten på sin heimstad.

Historisk bruk
Haugetun seier likevel ikkje kategorisk nei til na-endingar i lokale stadnamn. Na-endinga må vekk der endinga ikkje er historisk brukt. I sør har endinga vore bruk mange stadar, og då er det ok.

– I vår del av fylket er det enten inga endinga, eller det er bruk e-ending i dialekt om øynamnet, utdjupar Haugetun i ein sms til nettavisa Tunnelsyn.

– Dersom vi no skal gå gjennom namna, må ein heile tida ta omsyn til lokale tilhøve der det er mogeleg, avsluttar Haugetun.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.