Ikkje lett å vera hann…

SølvThor – hannen i huset – har levert årets første vårteikn. Hormonane kokar. Ein stad der ute er det ei ho som sender på hans frekvens…

Førr ei dame…

Villdyret har vakna. Huseigaren sin kjæledegge er som forheksa. Sofapusen spør ikkje lenger fint om å verta slept ut. Han remjar, høglydt og insisterande. Han vil ut. Ut i vinterstormen, der regn- og sludd vekslar med brå kuldegrader.

Det blir stadig lengre mellom dei ukastrerte kattane i det stadig meir urbane Straume. Like fullt har hannkatten fått ferten av ei kjette.

Han er tydelegvis ikkje aleine. Med ei topptrimma matchvekt på oppimot 8 kilo utøver SølvThor ein naturleg autoritet blant artsfrendar. Men denne gongen har ein respektlaus rival klart å få inn nokre skikkelege svingslag. Etter to døgn på ”rømmen” kom friaren heim med river i pelsen.

Våt, pjuskete og skitten var han og. Sand og grus i pelsen røpar at naboen sitt anleggsområde utgjer ei moderne vollgrav mellom heimen og den uimotståelege. Men ikkje ein gong iskaldt, oljesleipt sølevatn har klart å stoppa hannkatten.

Kattefamilien sin håpefulle pater familias er redusert til eit sørgjeleg syn. Men tru no ikkje at nokre river i pelsen har svekka sjølvtilliten. Nakken er like bratt. Matmor får aller nådigst lov til å handduktørka hanndyret, medan han slukjer doble porsjonar av delicious sensations extra. Alle forsøk på å reinsa skrammene i fjeset vert derimot avviste med klørne ut.

Hannkatten har ikkje tid til å sova. Han skyr ingenting for å vera nær den uimotståelege feminine hormonbomba der ute. Hadde reglane for felin kurtise tilsagt ei slik åtferd, kunne han sikkert funne på å dytta den ru tunga si djupt ned i halsen på den utkåra…

Neimen ikkje lett å vera hann…

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s