Sel kunst for heimlause

På Liaskjæret har Tone Ekerhovd omgjort stova til utstillingslokale.

Tone Ekerhovd med ein av Jeff Morgan sine akvarellar.

På veggane gløder akvarellar med Middelhavsinspirete motiv, laga av den britiske kunstnaren Jeff Morgan.

Søndag inviterte Tone Ekerhovd til ein uformell samankomst, «Kunst & kake», for å visa fram bileta, som er for sal.

– Heile inntekta av salet går til eit suppekjøken for heimlause i Cardiff, heimbyen til Morgan, fortel Ekerhovd.

Kunstnaren har Ekerhovd blitt kjend med gjennom frivillig arbeid for den norske Sjømannskyrkja i London.

-Talet på heimlause har gått veldig opp i England siste åra. Høg arbeidsløyse, kombinert med høge husleiger og privatisering av helsevesenet og velferdstilbodet, er viktigaste årsakane, i følgje Ekerhovd.

Dei som ikkje fekk med seg søndagens arrangement, kan ringa Tone for ein privat visning.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s