Trur på 450 nye jobbar i år

Nedgangstida for strilaøkonomien er snudd til optimisme. Dette året vil det verta skapt 400 – 450 nye jobbar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy.

Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen og SpareBank SR-Bank har for første gong utarbeida ein eigen økonomisk indeks for næringslivet i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden.

Det snudde i fjor vår. No peikar alle pilane oppover i SpareBank 1SR-Bank sitt konjunkturbarometer for Vestlandet. Størst er optimismen innan olje- og gassrelaterte verksemder, kunne sjeføkonom Kyrre M. Knudsen fortelja då han presenterte Konjunkturbarometeret for Sør- og Vestlandet for medlemmane i Vest Næringsråd i dag.

600 små og store verksemder i Hordaland, Rogaland og Agder deltok i undersøkinga om status og forventningar til den økonomiske utviklinga i året som nett har starta.

Oppsummering av dei økonomiske forvetningane til næringslivet i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden. Behovet for arbeidskraft er stort, men få har planar om investeringar.

Strilaindeks
Med sine mange verksemder og arbeidsplassar innan olje og gass skil kommunane vest for Bergen seg på mange måtar frå resten av Hordaland. For første gong har SpareBank 1 SR-Bank difor utarbeida ein eigen Strilaindeks i tillegg til dei fylkesvise oversiktane.

Etter fleire år med økonomisk nedgangstid og oppseiiingar er behovet for fleire hender til å utføra arbeidsoppgåvene er no påtrengjande i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden, seier Knudsen.

Mange nytilsetjingar
Kommunane vest for Bergen er no på topp på Sør og Vestlandet når det gjeld planar om nytilsetjingar, Heile 75 prosent av verksemdene svarar at dei har planar om å tilsetja fleire folk i året som kjem. Det er ein solid auke samanlikna med den forrige målinga i fjor haust, seier Knudsen.

Samla sett bør dette gje ein stad mellom 400 og 450 nye arbeidsplassar i dei fire kommunane i 2018, seier sjeføkonomen i SpareBank i SR-Bank.

Representative tal
20 – 25 lokale verksemdene inngår i undersøkinga. Forventningane deira er representative for næringslivet i dei fire kommunane, anslår Knudsen. Det kan også henda at leiarane i verksemdene er overdrive nøkterne. Uansett, i ein region med 60.000 innbyggjarar vil sjølv ein auke i sysselsetjinga på berre ein prosent innebera 300 nye jobbar, reknar han.

Konjunkturbarometeret omfattar industri, varehandel, bygg og anlegg og andre. Deltakarane får spørsmål om årsverk, omsetjing, lønsemd, investeringar og ordrereserve.

Ordrereserve
Særleg ordrereserven er ein god underliggjande indikator på framtidig behov for arbeidskraft, ifølgje Knudsen.

Sjølv om sjeføkonomen friskmelder i det lokale næringslivet, er himmelen ikkje skyfri. Utviklinga i den globale økonomien vil påverka oss også, understrekar han.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.