Fjell vil kjøpa hamneaksjar

Fjell kommune bør kjøpa kring 20 prosent av aksjane i Ågotnes Næringspark AS for 40 millionar kroner. Kjøpet skal finansierast gjennom Fjell kommunale Pensjonskasse.

Stratgisk plassert for ei verkeleggjering av planane om å flytta hamneaktivitetane ut av Bergen sentrum. Ved årsskiftet selda Liegruppen seg ut for 110 millionar. No vert det føreslege at Fjell kommune istaden skal kjøpa aksjar for 40 millionar i Ågotnes Næringspark frå KS CCB AS.

Å kjøpa aksjar i Ågotnes Næringspark AS vil vera eit strategisk steg i arbeidet med å få plassert ei ny storhavn i Bergensområdet på Ågotnes, skriv konstituert rådmann Lillian Torsvik i ei sak som skal opp i Formannskapet i Fjell neste veke.

Seljar er KS CCB AS og Kurt Rune Andreassen. Etter at KS CCB AS ved årsskiftet kjøpt ut Liegruppen AS, er baseselskapet no eineeigar av Ågotnes Næringspark AS.

Uviss eigarandel
Ågotnes Næringspark AS omfattar to tomteområde, eitt på 170 mål med kaiar og forretningsbygg. Tomteområdet på 200 mål som verksemda kjøpte av Fjell kommune i 2014 kjem i tillegg.

For 40 millionar kroner skal Fjell kommune få anten 21,1 eller 18,2 prosent av aksjane i Ågotnes Næringspark AS. Den endelege eigarandelen vil avhenga av korvidt det vert utbetalt utbyte på 30 millionar for 2017.

Svekka likviditet
Kommunen skal finansiera kjøpet gjennom bruk av ubunde fond. For at handelen ikkje skal gå for hardt ut over kommunen si evne til å betala løner og løpande utgifter, vert det føreslege å henta 30 millionar frå premiefondet i Fjell kommunale pensjonskasse.

Fjell kommune skal få ein representant i styret for næringsparken, ifølgje forslaget til avtale.

220 millionar
KS CCB AS kjøpte ved årsskiftet halvparten av aksjane i Ågotnes Næringspark AS frå Liegruppen for 110 millionar. Kjøpet verdset Ågotnes Næringspark AS til 220 millionar kroner.

Dei bokførte verdiane er vesentleg høgare, heile 380 millionar kroner, ifølgje saksgrunnlaget til Formannskapet. Gjelda utgjer 258 millionar kroner. Driftsinntektene i 2017 utgjorde 51,4 millionar, noko som gav eit driftsresultat på 11,2 millionar kroner.

Leigeinntekter
Ågotnes Næringspark AS eig mellom anna 15 prosent av Ågotnes Eigedom AS som igjen eig bygningsmassen på eigedomane. Største leigetaker er Technip FMC, som har ein tiårig leigeavtale.

Dobla nedbetalingstida

CCB-sjef Kurt Rune Andreassen vil dobla nedbetalingstida for tomten dei kjøpte frå Fjell kommune i 2014, og som skulle finansiera byggingav av LMS på Straume, frå 10 til 20 år.

Som ein del av avtalen vert det lagt opp til reforhandling av vilkåra for nedbetalinga av det 200 mål store tomteområdet som næringsparken kjøpte av Fjell kommune for 75 millionar kroner for fire år sidan.

Tomta er framleis ubebygd. KS CCB AS nyttar det som argument for å føreslå å dobla nedbetalingstida frå 10 til 20 år.

Kommunestyret sin tanke ved salet var å finansiera bygginga av det Lokalmedisinske senteret på Straume.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.