Fleire svindla NAV

Personar i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden stod for heile 18 prosent av dei oppdaga tilfella med trygdesvindel i Hordaland i fjor.
(Saka er oppdatert).

Er det fleire personar i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden som svindlar NAV enn i resten av fylket? eller er kontrollen betre her i vest?

25 personar frå Fjell, Askøy, Sund og Øygarden vart melde for trygdesvindel i fjor.

Saman svindla dei 25 personane NAV for 1,6 millionar kroner, får nettavisa Tunnelsyn opplyst hos NAV Kontroll.

Fleire tilfelle
Tala på personar skulda for trygdesvindel har auka siste åra, også i kommunane vest for Bergen. 25 personar i 2017 er seks fleire enn i 2016, og fire fleire enn i 2015.

Ein av dei melde skal ikkje sjølv ha tent på svindelen, berre ha medverka til at andre urettvist kunne få utbetalt pengar frå NAV.

Dagpengar
Svindelen omfattar eit breidt spekter av brotsverk. For dei tre siste åra er det hovudsakleg snakk om svindel med dagpengar og arbeidsavklaringspengar. Det vil seia at dei har arbeida ulovleg samstundes som dei har motteke trygd.

Det er og meldt fleire tilfelle av svindel med foreldrepengar, eingongsstønad og sjukepengar.

Fengsel
Siste tre åra har svindelsummen i 23 av sakene utgjort meir enn 90.000 kroner, noko som i utgangspunktet kvalifiserer til fengselsstraff.

Den største svindelsaka her vest er på 1,4 millioner kroner, i følgje NAV Kontroll.

Betre kontroll
– Det er alvorlig når nokon misbrukar velferdsgodar til eiga vinning. Dei som forsøkjer å svindla bør merka seg at vi har gode metodar for å avdekka slike saker, seier Sirnes.

Over halvparten av sakene i Hordaland vart oppdaga gjennom å samanlikna inntektsopplysningar med informasjon brukaren sjølv har gjeve til NAV.

– Kontrollane våre vert stadig meir målretta og dei som vel å gje feil opplysningar til NAV tek en stor risiko for å verta oppdaga, avdelingsdirektør for NAV Kontroll Vest, Gerda Sirnes i ei pressemelding.

Kvar femte trygdesvindlar
Personar i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden stod for heile 18 prosent av dei oppdaga tilfella med trygdesvindel i Hordaland i fjor. Det samla svindelbeløpet utgjorde likevel berre 5,5 prosent av totalen i fylket.

-Dei høge tala for Fjell, Askøy, Sund og Øygarden er utslag av heilt tilfeldige variasjonar, seier avdelingsdirektør Gerda Sirnes i NAV Kontroll i en kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no.

Ikkje verre her
– NAV har ikkje grunnlag for å hevda at det skjer meir trygdesvindel her enn i andre kommunar, seier Sirnes.

Avdelingsdirektøren i NAV avviser også at NAV utøver fleire eller strengare kontrollar hos oss enn andre stadar.

Hordaland
Totalt vart 139 hordalendingar i fjor melde for å ha svindla NAV for til saman 29 millionar kroner.

109 av tilfella gjaldt dagpengar og arbeidsavklaringspengar for til saman 19,3 millionar kroner.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.