Gjestekommentar: Ein heidning kan spørja meir enn ti sokneråd kan svara

Ein lokal radioredaktør skapte eit nytt ordtak då han etterlyste utdaterte verdiar som nestekjærleik og toleranse.

Ordtak fascinerer. I ordtaka kan livsvisdom, sanning, levereglar og meir bli uttrykt i korte, velformulerte setningar på ein måte som gjer at vi alle kjenner oss att, i alle fall om vi har litt livsrøynsle frå før.

Av Hans Lauvik

Her er nokre døme – med kommentarar:
– Den som kjem først til mølla, har ikkje reint mjøl i posen.
Dette er sjølvsagt heilt sant, for den som kjem til mølla, har ikkje mjøl i posen i det heile. Han har korn.

– Han slepp å ro, som ikkje har båt.
Kan det seiast klårare og meir logisk?

– Aldri så gale at ikkje sola går ned i vest.
Så sant, så sant. Stundom rett nok i sørvest, stundom i nordvest. Unntak for midnattssola.

– Brent barn har også øyre.
Nok eit udiskutabelt faktum, med mindre øyra er brende av.

– Den som ler sist, er treigast i nøtta.
Ja, vi har jo alle sett dei som begynner å le av vitsane når dei andre har ledd frå seg…

– Like barn kranglar mest.
Er det nokon som har følgt med på «diskusjonane» i Arbeidarpartiet dei siste månadene?

– Blind høne finn også hane.
Dette visste du kanskje: Det er ikkje augene det kjem an på…

– Det er von i hengjande snurrebass.
Denne treng vel inga forklaring. Alle har jo leikt med snurrebass, på gammalt strilemål kalla «kåtekadl».

Nakne kvinner er eit ynda tema i ordtaksverda, heilt i tråd med ordtaket «Det hjarta er fullt av, renn munnen over med». Her er eit par døme, begge like sanne og logiske:
– Nød lærer naken kvinne å selja skinnet.
– Den ventar ikkje forgjeves, som ventar på naken kvinne.

Frå tid til annan blir det også skapt nye ordtak. Vi er stolte over å vera først ut med ein bukett blodferske ordtak frå Sund kommune. Ordtaka oppstod nærmast av seg sjølv då Sund-ordføraren overraskande vart vald til leiar i fellesnemnda for nye Øygarden kommune, eit verv som var tiltenkt ordføraren i Fjell:
– Det viktigaste er ikkje å vinna, men å leia løpet.
– Lita tue kan ta stor plass.
– Også små gryter kan koka over.
– Mennesket spår, Høgre rår.

Men i Fjell bobla følgjande nysnikra ordtak opp som svar til Sund:
– Jo fleire Sundpolitikarar, jo meir røl i det dulde.

Håkon Fjell skapte eit kort og fyndig ordtak med sine lesarbrev om det nye kommunenamnet i vest. Lesarbreva hans kan samanfattast i kun to ord:
– Namnet skjemmer.

Også ein radioredaktør og kinosjef på Sotra (namnet er ikkje frigitt) skapte i fjor eit nytt ordtak. Fyren kom som eit iskaldt gufs frå mørkaste mellomalderen og stilte kjetterske spørsmål om nestekjærleik og toleranse, verdiar som for lenge sidan er utgått på dato. Dermed var eit nytt lokalt ordtak i boks:
– Ein heidning kan spørja meir enn ti sokneråd kan svara.
Det er skremmande at slikt bakstreversk tankegods framleis vaker i overflata på Sotra.

Ps.:
Hugs at det er for seint å snyta seg når katten er borte.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s