Kraftige lønsreduksjonar ved skifte av yrke

Mange strilar har mista jobben innan olje og gass siste åra. Slik har det gått med dei.

Endring i gjennomsnittleg månadsløn. I 2015 fekk dei løn frå oljenæringa. Året etter fekk dei løn frå andre bransjar.

På landsbasis forsvann 10.000 personar ut av oljenæringa frå september 2015 til september 2016. Tredelen av dei har skifta yrke. For dei har oljenedturen ført til ein kraftig lønsreduksjon, ifølgje SSB.

Kva dei siste to tredelane av dei tidlegare tilsette i oljenæringa no livnærer seg av, seier SSB ingenting om.

Lønskutt på 21,9 prosent
Av dei 3.070 personane som ein veit har klart å å finna seg ny jobb, har omstillinga vore mest merkbar lønsmessig for dei som har meldt overgang til transport og lagring. Dei har i snitt hatt ein lønsreduksjon på 13.300 kroner månaden, frå 60.600 kroner i 2015 til 47.300 kroner i 2016, i følgje SSB.

Også dei som har gått over til landbasert industri har fått merka det i løna. Her utgjer lønskutta i snitt 8.100 kroner månaden, ein reduksjon frå 57.800 kroner, til 49.700 kroner.

For dei som har fått ny jobb innan bygg og anleggsverksemd, har lønsreduksjonen i snitt vore noko mindre, frå 48.000 kroner i 2015 til 42.600 kroner året etter.

Mista 10.000 personar
SSB sin lønsstatistikk for oljenæringa omfattar 60.000 personar. Av dei som var med i statistikken i september 2015, var det 10.000 personar som ikkje var med året etter. Samstundes hadde det kome til 2.000 nye.

Kutta dei lågtløna
Dei som mista jobben i oljenæringa hadde i snitt lågare løn enn dei som behaldt jobben, ifølgje SSB.

Dei som framleis jobbar innan olje og gass har i realiteten hatt tilnærma stagnasjon i løna. Ei vanleg månadsløn for ein oljearbeidar i 2015 utgjorde i snitt 70.100 kroner. Året etter hadde månadsløna til dei attverande oljearbeidarane stige med ein 100-lapp.

Verd å merkja seg for dei som no vurderer å søkja jobb i bransjen: Dei 2.000 nytilsette fekk i snitt lågare løn enn dei som vart oppsagt hadde.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.