Dei har ein plan for Kleppestø – omsider

Etter meir enn 25 år med krangling om utforminga av Kleppestø sentrum, kunne ordførar Terje Mathiassen (A) i går omsider banka gjennom ein plan. For Høgre og FrP kom vedtaket likevel for tidleg.

Bilane skal vekk frå kaien og inn i Løfjellet. På kaiområdet i Kleppestø skal det i staden koma kulturhus og ny kollektivterminal.

Områdeplanen for Kleppestø som det tok så lang tid å få vedteken, er eit kompromiss mellom dei grandiose utbyggingsvisjonane, og den forsiktige fortettinga som innbyggjarane på Kleppestø sjølv helst hadde føretrekt.

Les: Kleppestø – landsby, småby eller by?

Fortettinga skal hovudsakleg skje på eit utvida kaiområde og i tilknyting til Kleppestø Senter. Landskapsformasjonane skal takast vare på, og den nye bebyggelsen skal trappast oppover frå kaikanten og mot fjellet. Totalt legg områdeplanen opp til at ei konsentrert fortetting på eit 181 mål stort område. Her vert det opna for eit 1000-tals nye bustadar, 20.000 kvadratmeter nytt butikkareal og 43.000 kvadratmeter med kontor.

Kulturhus
På kaien skal det koma både kulturhus, kollektivterminal og bustadar. Bilane skal vekk frå kaien og inn i eit parkeringshus i Løfjellet. Samstundes vert det rom for ei betydeleg utviding av Kleppestø Senter, med både butikkar, kontor og bustadar.

Den betydelege gjennomgangstrafikken er derimot eit problem planen berre delvis løyser. Gjennomgangs-trafikken skal med tida leggjast i tunnel utanom sentrum, men tunnelen er ikkje ein del av planen, beklaga Arild Raftevoll (V).

-Ein katastrofe

Bård Espelid og AskøyLista har snudd det politiske fleirtalet i kommunestyret i retning ei mindre kompakt fortetting i Kleppestø sentrum.

Kompromissløysinga vekte open konflikt og harde ord då kommunestyret i Askøy i går vedtok områdeplanen. Arbeiderpartiet, ordførar Terje Mathiassen og saksordførar Elsa Benjaminsen måtte tola kritikk, både for å ha svikta visjonane, Høgre og FrP, og for å ha gått i allianse med AskøyLista. Partiet kom inn i kommunestyret med tre mandat ved siste val, nettopp for å få dempa utbyggingspresset i kommunesenteret.

Les: Laga alternativ plan for Kleppestø

-Planen er ein katastrofe. Han vil aldri verta realisert, hevda Høgre ved Sig Høgtun og FrP ved Roald Steinseide. Ingen utbyggjar vil finna denne puslete planen økonomisk interessant, påsto dei. Opposisjonen hadde helst sett at senterområdet vart teken ut av planen, og at det resterande av planforslaget vart sendt ut på enno ein høyringsrunde i byråkratiet.

Store investeringar
For arealplanleggjar Bente Karlsen som har stått i stormen gjennom dei siste rundane i planprosessen, inneber vedtaket at ho no endeleg kan seinka skuldrane og konsentrera seg om detaljplanlegginga.

Istaden vert det rådmann Eystein Vennesland sin tur til å liggja vaken om natta og grubla på finansieringa.

Ferdig i 2035?
Rekkefølgjekrava legg opp til bygging av parkeringshuset i Løfjellet, utfylling av kaifronten og etablering av ny kollektivterminal på kaien som første byggjestega. Tiltak som vil krevja kommunale investeringar på mange hundre millionar kroner.

Den nye kollektivterminalen bør kunna verkeleggjerast i samarbeid med Hordaland fylkeskommune. Det er vedteke å setja av 200 millionar til kollektivtiltak i Askøy-pakken. Pengane står der, seier Venneslan.

– Vi skal få dette til. Planen er realiserbar, men det vil ta tid. Kanskje vil ikkje alt stå klart før i 2035, seier Venneslan til nettavisa Tunnelsyn.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.