Då kusina frå Amerika kom på besøk samlast slekta

Kristi Endresdotter Strømme (1849 – 1927) vart enkje med tolv små ungar då ho var berre 42 år gammal.

Borneborn av Kristi Endresdotter Strømme samla på Sotraheimen våren 1978. Framma fh. Borghild Ekerhovd, Laura Arefjord, Sverre Straume, Olga Vasend, Olga Foldnes, Olufine Strømme. Bak fh, Ole M. Straume, Oskar Straume, Ivar Straume, Monrad Straume, Osvald Bildøy, Anna Arefjord, Jenny Ågotnes.

Ho klarte like fullt å halda familien samla og å forsørgja den store ungeflokken gjennom drifta av garden på Straume (bruk nr. 1).

Saknet av ektemaken og faren Ole Olsson (1835 – 1891) må ha ført til eit tett samhald i den store familien. Eit samhald som og omfatta dei mange borneborna som etterkvart kom til.

Kristi Endresdotter var mi oldemor. Sjølv minnast eg dei mange søskenborna til mor mi som ein stor og munter flokk.

Haldt familien samla. Kristi Endresdotter Strømme f. 1849 d. 1927.

To døtre og to søner utvandra til Amerika. Fleire av dei gjorde det godt i det nye heimlandet, og gjensåg gamlelandet i tiåra fram mot andre verdskrigen. Banda over Atlanteren vart svekka i etterkrigstida, men då Olga Vasend frå Minnesota i 1978 fann ut at ho ville sjå heimlandet til foreldra, var det sjølvsagt at søskenborna samlast.

På slektstreffet på forsommaren 1978 deltok etterkomarar av sju av Kristi og Ole sine tolv ungar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.