Farlegast å vera sau i Fjell

Det er få sauer att i Fjell. Dei lever til gjengjeld farleg.

Fjellsauer på utmarksbeite levde farlegare enn andre sauer i Hordaland i fjor.

 

Det framkjem av fylkesmannen i Hordaland sin oversikt over tap av sauer på utmarksbeite i 2017.

Fjell er den kommunen i fylket der dei organiserte beitelaga slapp færrast sauer på utmarksbeite i fjor. Berre 227 dyr, søyer og lam medrekna, av totalt 128.652 dyr som skulle gjera seg feite i det attgrodde kulturlandskapet i Hordaland, hadde Fjell som heimeadresse.

Til gjengjeld ligg kommunen heilt på topp i fylket når det gjaldt tap av sauer på utmarksbeite. Heile sju prosent av Fjellsauene kom aldri levande heim att, ifølgje fylkesmannen.

Austevollsauen ligg på andreplass på den dystre statistikken, med ein tapsprosent på 6,37.

Flinkast til å passa på dyra sine er bøndene i Eidfjord. Her kom heile 98 prosent av dyra levande heim att.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s