Forslaget til endringar i skulestrukturen bryt regelverket

Fjell kommune har ikkje dekning i regelverket for å gjennomføra endringar i skulestrukturen no.

FAU ved Liljevatnet skule har henta inn rådgjevarar for å få kunnskap om det statlege regelverket i samband med endringar av skulestruktur.

Det hevdar LUFS (Lokallaget for nærmiljøskulen) i ein uttale til saka som skal opp i Komite for drift og forvaltning i Fjell i morgon.

LUFS er ein landsdekkjande interesseorganisasjon som arbeider for å styrka nærmiljøskular og motverka skulesentralisering. Det er FAU på Liljevatnet skule som har hyra inn organisasjonen for å få bistand til å handtera det formelle regelverket i omkampen om skulenedleggingar i Fjell.

Utan heimel
Endringar i skulestrukturen må vera heimla i overordna planar, som kommuneplanen sin arealdel.

Ei skulenedlegging i Fjell no vil ikkje vera heimla i kommuneplanen. Heller ikkje vert saka sett på dagsorden gjennom den vedtekne planstrategien, eller i handlingsprogrammet for 2018 – 2021 som kommunestyret vedtok like før jul, ifølgje LUFS.

Fireårig prosess
Ei endring av skulestrukturen kan få alvorlege konsekvensar for ungane, foreldra og for lokalsamfunna. Opplæringslova legg difor opp til at slike prosessar skal vera godt funderte, og følgja krava i det statlege regelverket.

– Endringar i skulestrukturen må heimlast i kommuneplanen og følgja dei lovpålagte, fire-årige prosessane knytta til Plan og bygningslova, og tilhøyrande regelverk, hevdar LUFS.

Ukjent reknestykke
I saksframlegget til KDF hevdar administrasjonen at endringar i skulestrukturen vil vera avgjerande for å nå målet om å kutta kommunale utgifter. Det er likevel ikkje gjort noko utgreiing om kva Fjell kommune vil spara ved å leggja ned Tellnes, Liljevatnet og Skålevik skular. Det er heller ikkje gjort noko overslag over kostnadane ved å byggja ut dei øvrige barneskulane til å gje plass til desse elevane.

Fantasiprodukt
– Det er påfallande at administrasjonen i ei så stor og alvorleg sak hevdar at strukturendring er ”det berande tiltaket for å finna innsparing”, men let vera å koma med tal, som kan seiast å vera anna enn reine fantasiprodukt, skriv LUFS sin rådgjevar Torodd Fagerheim i uttalen.

Bind kommunestyret
– Administrasjonen freistar å binda kommunestyret til å leggja ned skular før sakene er forsvarleg utgreidde, har vore på høyring, og elles er handsama slik lovar og regelverk krev, skriv LUFS.

– Framlegget til vedtak legg opp til å låsa utfallet av saka, før prosessen har byrja, Det er og i strid med god forvaltningsskikk, hevdar LUFS.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.