Liegruppen først med fiskefartøy på LNG

Liegruppen sitt nye fiskefartøy vert det første i fiskefartøyet i verda som går på LNG og batteridrift.

Det er Liafjord AS, Liegruppen sitt fiskebåtreiarlag, som står som formell kjøpar av nye Libas.

– Verda går i retning LNG, hevdar styreleiar Peder Lie i ein kommentar til valet av drivstoff ovanfor nettavisa Tunnelsyn. Personleg har reiaren har stor tru på hydrogen, men den teknologien er enno ikkje komen langt nok til at fiskeflåten kan ta han i bruk.

Les: Liegruppen kontraherer nytt fiskefartøy

Plassen begrensar
Siste åra har LNG blitt eit vanleg drivstoff for norske ferjer. Begrensa plass om bord er utfordringa med å bruka LNG som drivstoff for fiskefartøy. Ei utfordring reiarlaget Liafjord AS har valt å løysa ved å setja inn ein gasstank på 350 kubikkmeter, noko som gjev tilstrekkjeleg drivstoff til vanleg drift av fiskefartøyet og tokt på inntil 14 dagar.

LNG (Liquified Natural Gas) er betydeleg meir miljøvenleg enn diesel som dei fleste fiskefartøya i dag går på. Sterkt reduserte utslepp av nitrogenoksider inneber at Liegruppen sitt nye fiskefartøy kvalifiserer til støtte frå NOx-fondet, seier Lie.

Optimal drift
Under fart vil LNG-drifta verta supplert med batteridrift, med tanke på optimalt drivstofforbruk, seier den strålande nøgde reiaren til nettavisa Tunnelsyn.

Nye Libas vil verta 86 meter lang – åtte meter kortare enn forgjengaren, men vil ha større volum. Der det forrige fartøyet var bygd for fart, vil dette verta bygd for last, ifølgje Lie.

Farøyet vil verta utstyrt som snurpar, med både singel- og dobbelttrål.

300 millionar
Fartøyet vil verta bygd ved Cemre-verftet i Tyrkia og skal leverast på nyåret 2020. Kontraktssummen lyder på kring 300 millionar kroner.

-Sidan det nye fartøyet vert levert innan to år, vil vi kunna fordela kvotane frå det selde fartøyet på dei andre båtane i mellomtida, seier Lie som gler seg over utsiktene til at den positive prisutviklinga på fisken vil halda fram også i 2018.

Les: Sel berre stål – ikkje fisk

Tyrkia
-Vi ville gjerne ha bygd Libas her i Norge. Grundige utgreiingar viste at det ville kosta kring 20 prosent meir å byggja ved eit norsk verft, sjølv med dagens låge kronekurs, seier fiskebåtreiaren på Liaskjæret.

At det tyrkiske verftet har erfaring både med LNG og batteridrift, og dessutan alt har eit godt rennome i norske reiarkrinsar, talde positivt ved kontraktstildelinga.

Stord
Det er Salt Ship Design AS på Stord som har teikna det framtidsretta og miljøvenlege fiskefartøyet i samråd med reiarlaget.

-Eit svært kjekt prosjekt å jobba med, understrekar ein strålande nøgd fiskebåtreiar om utviklingsarbeidet som har teke halvanna år.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.