Sparar Skålevik skule – kuttar i helse og omsorg

Skålevik skule vert spart for nedlegging, enn så lenge. Liljevatnet og Tellnes skular vert etter alt å døma lagt ned.

Stort oppmøte av ungar og foreldre framfor rådhuset for å protestera mot nedleggingsplanane fekk ikkje fleirtalet i Høgre og Arbeiderpartiet til å endra meining om framtida til Liljevatnet og Tellnes skular.

Eit massivt oppmøte av foreldre og ungar frå dei tre skulane venta politikarane i Komite for drift og forvaltning i Fjell då dei møtte på Rådhuset for å drøfta den framtidige skulestrukturen i Fjell i dag.

Fleire av politikarane hadde helst sett at saka ikkje kom opp i det heile. Ein av dei var Andreas Sjald Unneland (SV) som meinte at kvardagen ved dei attverande skulane i kommunen burde få tid å normalisera seg etter forrige kuttrunden, før ein tek ein ny runde med diskusjon om skulenedleggingar. Saka burde vore utsett til Fellesnemnda ser på skulane i Fjell, Sund og Øygarden i samanhang, meinte han.

Les: Underskriftskampanje for Ekerhovd-skulen

Kjetil Hansen (FrP) ville helst avvisa heile saka. Han viste til brevet frå LUFS, med påstand om at Fjell ikkje har heimel til å endra skulestrukturen no. Først bør det gjerast eit skikkeleg stykke utreiingsarbeid, med tanke på skulesituasjonen i nye Øygarden.

Les: Forslaget til endringar i skulestrukturen bryt regelverket

– Nedlegginga av Skålevik skule er ikkje skikkeleg utgreidd, hevda Hege Misje. SotraLista-representanten fremja forslag om at skulen skal bestå som i dag, fram til det føreligg godkjende planar og finansiering av ny skule på same staden.

Ei varsla sak
-Ingen burde vera overraska over at saka kjem opp no. Saka har vore varsla siste halvåret, heilt sidan det vart kjent at Fjell fekk vesentleg mindre skatteinntekter i fjor enn budsjettet føresåg, innvende komiteleiar Ernst Morten Einarsen (H).

Totalt må politikarane i Fjell finna rom for å spara 15 millionar kroner på årets budsjett. Skule er det området der Fjell brukar forhaldsvis meir pengar enn kva andre kommunar gjer. Lar ein vera å kutta her, vil ein i staden måtta kutta i tilbodet til svake grupper, som eldre og sjuke, innvende Einarsen og la fram ei lang liste over tiltak som står i fare for å forsvinna.

Den politiske nedsida

Skulesituasjonen engasjerer. Kultursalen i rådhuset var nærast fyllt med foreldre og ungar då KDF drøfta nye skulenedleggingar i Fjell.

-Dette er nedsida av å vera folkevald, oppsummerte Odd Valvatne (A) den frustrasjonen som både folkevalde og tilhøyrarar delte.

Det har vore sterk usemje internt i Arbeiderpartiet framfor møtet, medgav partifelle Eva Vik ovanfor nettavisa Tunnelsyn. Ho var likevel den som la fram eit fleirtalsframlegg på vegne av Arbeiderpartiet og Høgre.

Ta ut Skålevik
Forslaget la opp til å ta Skålevik skule ut av lista over skular som skal leggjast ned frå hausten. Planlegginga av ny skule på vestsida har kome altfor kort, og det er ikkje klart korvidt ein vil spara pengar på å flytta elevane frå Skålevik til Ulveseth.

-Framtida til Skålevik heng i lufta. Slikt skapar utryggheit, sa foreldre nettavisa Tunnelsyn snakka med.

Fleirtalet i KDF oppretthaldt rådmannen si tilråding om å leggja ned Tellnes skule alt frå førstkomande sommar, føresett at alle dei formelle prosessane er gjennomførte innan den tid.

Siste skuledagen på Liljevatnet ser ut til å verta våren 2019.

Skule mot helse

Vedtaket set skule opp mot helse, beklaga Kjetil Hansen (FrP).

– Vedtaket set skule opp mot helse, beklagar Hansen.

Tidlegare i dag var han og Einarsen ein runde på ulike omsorgsinstitusjonar i kommunen.

-Dei tilsette varslar om underbemanning, høgt sjukefråvær og vald. Mange tør ikkje rapportera hendingar, hevdar Hansen.

 

 

 

 

 

 

Advertisements

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.