Ingen halleluja-stemning for kommunalt aksjekjøp

Det er vanskeleg å få forståing i opinionen for at Fjell ein dag må stenga ned skular fordi kommunen har dårleg råd, for så neste dag å kjøpa aksjar i ei privat verksemd for 40 millionar.(Saka er oppdatert.)

Administrerande direktør Kurt Rune Andreassen (th) i CCB AS sat på tilhøyrarplass då formannskapet i Fjell diskuterte kjøpet av aksjar i Ågotnes Næringspark AS.

Mot røystene til SotraLista og FrP tilrår formannskapet i Fjell å kjøpa aksjar i Ågotnes Næringspark AS for 40 millionar kroner.

Les: Fjell vil kjøpa hamneaksjar

– Det er strategisk rett å nytta anledninga til å ta ei aktiv rolle og påverka utviklinga på Ågotnes og arbeida for å flytta Bergen Havn ut hit, innleia Atle Justad (A), debatten i formannskapet.

Mykje pengar
40 millionar er mykje pengar. I dette tilfellet kan ein nytta ubunden kapital slik at det ikkje får negative konsekvensar for kommunen sin likviditet, hevda Justad.

Arbeiderpartirepresentanten ser likevel eit problem i at avtalen om aksjekjøp er kopla mot eit forslag om å utsetja betalinga for tomten Ågotnes Næringspark AS kjøpte av Fjell kommune i 2014 med ti år. Føresetnaden den gongen var at dei 75 millionane skulle nyttast til å redusera låneopptaket for det nye lokalmedisinske senteret. Kva konsekvensar får ei slik utsetjing for Fjell-økonomien?

Les: Sparar Skålevik skule – kuttar i helse og omsorg

Ingen hallelujastemning
Svein Bergh (SL) var overraska over den positive haldinga på andre sida av bordet.

– Det var ikkje akkurat noko halleluja-stemning då SotraLista diskuterte saka på gruppemøtet på mandag, tilstod han.

Bergh var skeptisk både til aksjekjøpet og til å utsetja nedbetalinga for tomtekjøpet.

-Tomtesalavtalen bør reforhandlast, kravde Bergh.

Bergh var sjølv med på å etablera Fjell kommunale Pensjonskasse. Korvidt vedtektene til pensjonskassen tillet kjøp av aksjar i eit eigedomsselskap, er han usikker på. Om dei gjer det, vil det i så fall finnast mange alternative investeringar kringom, seier han til nettavisa Tunnelsyn.

Uheldig tidspunkt
– Vi i FrP er skeptisk til å gå inn i denne avtalen, og bruka så mykje pengar. Eg tenker særleg på den høge temperaturen under møtet i går, der vi vedtok å leggja ned skular, sa Daniel Victor Sandvik (FrP). Han var usikker på kva bruk av ubundne fond inneber, og hadde helst sett at saka vart utsett og konsekvensane betre utgreidd.

– Saka kjem opp på eit uheldig tidspunkt, medgjekk Helena Morland Hansen (H), som elles var positiv til avtalen.

– Dette er ei utruleg vanskeleg sak å forklara opinionen. Pengane er ikkje på same banehalvdel, for å seia det slik, samstemte Tom Georg Indrevik (H) som i dag fungerte som ordførar.

Eit politisk spørsmål
Nokon halleluja-stemning hadde det heller ikkje vore på KrF sitt gruppemøte, ifølgje Odd Bjarne Skogestad.

KrF-representanten var uvanleg forsiktig i ordvalet. Han la ikkje skjul på at han oppfatta denne saka som langt meir komplisert enn kva Arbeidarpartiet får det til å høyrast ut som.

– Å kjøpa aksjar i private verkesemder er ikkje noko Fjell kommune har praktisert. Kan dette få presedens, undrast Skogestad.

Det er rett at Fjell ikkje har tradisjon for slike aksjekjøp, men dette er eit politisk spørsmål, sa Indrevik.

Mellombels investering
Aksjekjøpet vil vera ei mellombels strategisk investering. Når havna er på plass og tidene ser lysare ut, kan vi selja oss ut. Fjell bør ikkje ha ambisjonar om å verta nokon industriell aktør, tenkjer Indrevik.

Vi treng ikkje gå lenger enn til Øygarden, før vi ser ein annan praksis. Der eig kommunen 12 prosent av CCB Kollsnes. Slik sett vil dette aksjekjøpet ikkje vera noko nytt i den nye kommunen, la Indrevik til.

– Er det eit krav frå Bergen Havn for å flytta havneverksemda til Fjell at kommunen er på eigarsida, spurte Skogestad.

Ifølgje Indrevik er det ikkje noko krav frå Hamnevesenet at kommunen står som eigar.

To rekneskapar
– Her handlar det om to ulike rekneskapar i kommunen. Askjekjøpet har ingenting med saka i går å gjera, freista økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt å forklara dei finanstekniske detaljane kring aksjehandelen.

– Bruk av ubundne fond inneber bruk av frie midlar som kommunen kan nytta til kva som helst. Fjell kommunale Pensjonskasse hadde eit overskot på 50 millioner kroner i fjor. Det er desse pengane som vil verta brukt til å finansiera aksjekjøpet.

– Avtalen vil ikkje leggja noko press på den ordinære drifta av kommunen, utdjupa Untiedt.

Konsekvensane for det lokalmedisinske senteret er at lånesummen vil vert høgare enn planlagt, med dei konsekvensane det vil få for renter og avdrag.

Fekk ikkje fred i sinnet
Skogestad hadde lytta til argumenta frå begge sider. Til sist landa han på ja-sida, i strid med tilrådinga frå partigruppa. Fred i sinnet med avgjersla har han likevel ikkje.

– Eg forbeheld meg retten til å arbeida vidare med denne saka fram mot kommunestyret om to veker, avslutta han.

Betaling i 2034
Punktet om forlengjing av nedbetalingstida for tomteområdet Fjell kommune selde til Ågotnes Næringspark AS i 2014 til 2034 vart samrøystes vedteke.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s