Får mikroplast i drikkevatnet

VA-abonnentar i Askøy som får drikkevatnet sitt frå Askevann, får mikroplast i springen.

Ein neve gummigranulat frå ein kunstgrasbane. Nedbryting i naturen omdannar granulatet til mikroplast. Arkivfoto.

Nedbryting av gummigranulat frå kunstgrasbanar er ein av dei aller største kjeldene til forureining av mikroplast i Norge. Avrenning frå dei mange kunstgrasbanane kringom å landet fører til årlege utslepp av 1.500 tonn med mikroplast til det omkringliggjande miljøet, ifølgje Miljødirektoratet.

Les: Nokon som saknar ein kunstgrasbane?

10 år med mikroplast

Jann Atle Jensen (Dem) tok opp problemet med avrenning av mikroplast frå kunstgrasbanen på Finamyren i ein interpellasjon i kommunestyret i Askøy.

To av kunstgrasbanane i Askøy har avrenning til drikkevatn. Det gjeld Finamyren på Ask og idrettsanlegget på Ravnanger, medgjev ordførar Terje Mathiassen (A) som svar på ein interpellasjon frå Jann Atle Jensen (Dem) i siste møte i kommunestyret.

Både Finamyren og Ravangerbanen ligg i nedslagsfeltet til Askevann, som er den framtidige hovudvasskjelda i kommunen.

Eksisterande vassreinseanlegg er ikkje utstyrt med filtre som kan fanga opp slike mikroskopiske partiklar som det her er snakk om.

Avrenninga av mikroplast frå Finamyren til Askevann har pågått i ti år, heilt sidan fotballbanen på Ask vart omgjort frå grusbane til kunstgrasbane i 2008.

Inga overrasking
Bodskapen i Jensen sin interpellasjon kom ikkje som noko stor overrasking på rådhuset i Askøy. Heilt tilbake til 2001 har det vore kjent at idrettsanlegget på Finamyren har avrenning til drikkevasskjelda.

Kor store mengder mikroplast som innbyggjarane i Askøy hittil har blitt tilført gjennom det kommunale drikkevatnet er usikkert. Det som er sikkert, er at den uheldige forureininga av mikroplast i Askevann vil vara ved så lenge det framleis finst spor av gummigranulat i terrenget kring idrettsbana.

Avskjera elveløp
Avbøtande tiltak står på kommunen si tiltaksliste. Innan utgangen av neste år planlegg Askøy kommune å ha stoppa tilførsla av ny mikroplast til nedslagsfeltet til Askevann. Då skal noverande elveløp vera avskorne og overvatnet frå Finamyren leia vekk frå området, ifølgje Mathiassen.

Ved å installera sandfangkummar i tilknyting til idrettsanlegga håpar kommunen å kunna henta opp mesteparten av gummigranulaten før han renn ut i naturen.

Ukjende konsekvensar
Det er først dei seinare åra varsellampane har byrja lysa om mikroplast som forureiningskjelde. Ein veit mikroplast vert teke opp i naturen sine næringskjedar. Forskarane har mellom anna funne spor av mikroplast i blåskjell.

Kva konsekvensar dette kan få for menneskje, veit ein førebels svært lite om.

 

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.