Gospel-nostalgi

Det svinga under himlingen på Fjell kyrkje då kyrkjelyden inviterte til Gospel-fredag.

Trygve Hellesen (tv) var eindel av den originale besetninga til orkesteret til Lukas. No er han og saksofonen hans sentral i musikklivet i Fjell. Peter Ingebrigtsen er eit lovande talent på akkustisk gitar.

Langt frå alle velsigna tiltaket då dåverande sokneprest Jakob Utkilen tidleg på 1970-talet opna dørene til kyrkja på Fjell for ungdomar og gospel-kor. Slagverk og el-gitar var etter mange si meining noko som passa betre på ungdomshuset enn i kyrkja. Men det gjekk seg til. Det kritikarane ikkje tenkte på, var at soknepresten ved å opna dørene for ungdomen sine melodiar sikra ein ny generasjon for den glade bodskapen.

45 år seinare fyller dei eingong så moderne ungdomane framleis kyrkja. Fredagskvelden var det allsong på grensa, med eit breidt utval av klassiske gospel-songar på repertoaret. Det gjekk på engelsk, norsk og litt svensk, og det svinga under himlingen på den nærare 150 år gamle kyrkja.

– Dette er gamle, gode songar som vi song då vi var unge. Om det er noko som ikkje kan tekstane, så er det fordi dei for unge, hevda konferansier Lars Erik Lotsberg frå plassen bak flygelet.

Mest heile den originale besetninga til orkesteret til gospelkoret Lukas stilte bak instrumenta. I tillegg hadde dei fått med seg tre unge forsongarar.

Gospel-kvelden var den første i ein serie musikalske arrangement i regi av kyrkjelydane i Fjell, Landro og Foldnes denne våren, så her gjeld det å følgja med…

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s