Hitler og menneskeetarane på Angeltveit

Barnesinn vert lett prega av omverda. Her fortel Hans Lauvik om sterke inntrykk frå boksamlinga på folkeskulen.

Har du folkeskulen på CV’n din? I så fall: Kva bøker las du den gongen? NB: Vi åtvarar mot høg mimrefaktor!

Tilvoksterlista til skuleboksamlinga på Syltøy skule for 1938 – 1942.

Biletet over er henta frå tilvoksterlista til skuleboksamlinga på Syltøy skule og viser innkjøp 1938 – 1942. Innkjøp gjort i 1942 gjeld somme bøker som skulane sikkert vart pålagde å kjøpa inn, for eksempel «Min kamp» 1 og 2 (A. Hitler) og «Kampen for Norge» 1, 2 og 3 (G. Lunde).

To av dei tre sistnemnde bøkene fann eg ved ein gjennomgang på Syltøy skule og gav Syltøy grendalag før skulen vart riven. Dei er vel å rekna som klenodium i dag.

Dei fleste bøkene på lista gjekk nok att på andre skular. Du som hugsar dei såkalla gamle dagar, kan jo sjå om du også hugsar kven av desse bøkene du las då du gjekk på folkeskulen. Bøker som gjorde sterkt inntrykk på mjuke barnesinn, var til dømes «Robinson Crusoe» (Defoe), «Hjortedreper» (Cooper), «Heidi» (Spyri), «Hytta hans farbror Tom (Stowe), bøkene til Jules Verne og sjølvsagt folkeeventyra til Asbjørnsen & Moe.

For min eigen del kan nemnast at «Robinson Crusoe» var ei av bøkene eg las høgt til nesten alle klassar eg hadde på Syltøy skule, akkurat som lærar Johannes Aksnes gjorde til oss då eg sjølv gjekk på Kårtveit skule.

Eg gløymer aldri kor ufatteleg spennande denne boka var, særleg då skumle menneskeetarar dukka opp på øya til Robinson! På veg heim etter slike høgtlesingstimar diskuterte vi ivrig kva som mest truleg kom til å skje vidare i boka.

Og når vi var på roturar til aude øyar og holmar langt vestanfor Kårtveit, gjekk vi og innbilte oss at vi var dei første menneska som sette sine bein der, – samstundes som vi glytta litt smånervøse rundt oss etter fotefar i sanden. For alt kva vi visste, KUNNE det jo finnast menneskeetarar – på Angeltveit, for eksempel – som stundom kom ut her og hadde sine herremåltid, bokstavleg talt…

Utdrag frå Daniel Defoe: Robinson Crusoe, omsett av Rasmus Løland, utgjeven 1971. Carl Johan Skauge har laga illustrasjonen.

Kopien viser ei side frå ei seinare utgåve av denne boka, omsett av Rasmus Løland. I mange år hadde Robinson budd på øya og trudd at han var einaste menneske der, og så skjer dette! Nett her var spenninga nesten til å bli sjuk av både på kropp og sinn, særleg når vi måtte venta ei heil veke på framhaldet!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s