76 kartlagte friluftslivområde i Øygarden

26 av dei 76 registrerte friluftslivområda i Øygarden vert vurderte som svært viktige.

Rubbegarnståne fyl ligg eit friluftslivområde heilt nord i Øygarden.

Alle innbyggjarane i Øygarden skal ha høve til å driva friluftsliv i nærmiljøet. Øygarden kommune har difor i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd kartlagt aktuelle friområde i kommunen.

Resultatet av kartlegginga som tok til i 2016, føreligg no i form av ein rapport som kommunestyret får presentert denne veka.

Last ned rapporten her

I kartlegginga er det lagt vekt på å ivareta eit breidt spekter av område med ulike kvalitetar slik at innbyggjarane skal kunna utøva friluftsliv ut frå eigne preferansar.

Totalt er 76 område i kommunen er vurdert som svært viktig, viktig eller som registrert friluftslivområde. ut frå kriterier som brukarfrekvens, opplevingskvalitetar, funksjon, eignaheit og tilrettelegging.

26 område vert vurderte som svært viktige friluftslivområde. Her finn vi område som Ormhilleren, som vert mykje nytta og er tilrettelagte med tanke på at flest mogeleg skal kunna nytta området til friluftslivføremål.

18 område vert vurderte som viktige friluftslivområde. 32 vert vurderte som registrerte friluftslivområde.

Les: Helgeturen: Veit du kvar Rubbegarnståna fyr er?

Rapporten viser alle dei 76 områda på kartet. Dei som ønskjer meir informasjon om dei einskilde områda, vil støyta på problem. Dette er informasjon som manglar i rapporten. Istaden vert det vist til http://www.naturbase.no på Miljøverdepartementet sine heimesider. Her manglar direkte lenkje til friluftslivsområda i Øygarden.

Den føreliggjande rapporten er ei registrering av faktiske tilhøve og er ikkje juridisk bindande. Den framtidige bruken av område vil måtte avklarast gjennom arbeidet med kommuneplanen sin arealdel og i reguleringsplanar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s